Permisjon frå opplæringa

Elevane har i utgangspunktet møteplikt til alle timar på alle årstrinn frå 1. til 10. trinn.

Permisjon

Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. 

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.

Unntak

Permisjonssøknadar for periodar der det blir gjennomført kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar og tentamen/eksamen jf. skolen sin prøveplan, blir ikkje innvilga.

Lovgrunnlag

Opplæringslova § 2-2

Lokal forskrift: Forskrift om permisjon frå den pliktige grunnskoleopplæringa

 

Søke om fri frå undervisning 

Dersom søknaden gjeld for inntil ein dag, må søknaden vere sendt til skolen minst tre dagar før permisjonen skal finne stad.

Dersom søknaden gjeld for meir enn ein dag, må ein søke minst tre veker før ønska permisjon.

Bruk det digitale fagsystemet til skolen for å sende inn søknad:

Søk i Visma Foresattportal

 

Saksbehandling

Dersom søknaden gjeld inntil 1 dag, kan kontaktlærar behandle søknaden.

Dersom søknaden gjeld meir enn 1 dag, er det rektor som behandlar søknaden.