Tidlegpensjon til jordbrukararTidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere til nyrekrutering.Kven kan få tidlegpensjon?Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få tidlegpensjon. Men det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Ein føreset også at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.Sjå fullstendig oversikt over kriteria m.m på Landbruksdirektoratet sine sider.Landbruksdirektoratet sine siderKorleis søkje?For å få tidligpensjon må du sende søknad på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet (sjå under). Statsforvaltaren eller landbruksforvaltninga i kommunen kan svare på spørsmål om ordninga, og sørge for skjema.Søknaden sender du til statsforvaltaren.Søknadsskjema Sist endret 22.04.2025 15:43