Beredskapsgruppe for landbrukBeredskapsgruppe landbruk er ei ressursgruppe for landbruksnæringa og lokalsamfunnet i tilfelle kriser. Eksempel på kriser i landbruket og samfunnet elles kan væra sjukdom, personleg krise, brann, skogbrann, flaum, ras, tørke, spreiing av smittsam plante- og dyresjukdom. Utfallet av ei hending som kan skje, eller har skjedd, kan bli betre om landbruksnæringa samhandlar. Beredskapsgruppe landbruk i Sunndal skal legge til rette for at slik samhandling kan skje. Samansetning av beredskapsgruppa Beredskapsgruppa for landbruket i Sunndal er samansett av representantar frå faglaga i landbruket og andre aktørar som naturleg er knytt til næringa og frå kommunen. Alle medlemmane i beredskapsgruppa kan ta initiativ til å kalle gruppa saman. Gruppa blir leia av Sunndal bondelag, eller av Sunndal Sau og Geit. Sunndal kommune har sekreretariatsfunksjon. Der finn du oversikt over kven som er med i gruppa i retningslinjene under. Retningslinjer Gruppa vart danna 8. april 2020. Retningslinjer for beredskapsgruppe for landbruk i Sunndal kommune (PDF, 520 kB). Møtereferat Oversikt over referat frå møte i beredskapsgruppa: Referat fra møte 7.5.20 (PDF, 459 kB) Referat frå møte 23.04.20 (PDF, 462 kB) Referat frå møte 08.04.20 (PDF, 726 kB) Publisert 23.04.2020 09:40