Testing av kvalitet på badevatnet i Sunndal
Badestrand Ålvundfjord
Miljøretta helsevern tar prøvar ved dei mest besøkte badeplassane gjennom sommaren. Kvaliteten på badevatnet ved dei fleste plassane er i utgangspunktet bra.
Gjennom sommaren har det vore periodar med mykje regn, som har medført for høgt innhald av bakteriar ved enkelte badeplassar i periodar.
Etter å ha fraråda bading ved badeplassane i Ålvundfjorden i midten av august, viser oppfølgingsprøvar frå veke 34 at badevatnet igjen har god kvalitet.
Det er Miljøretta helsevern som er ansvarleg for prøvetaking, og det er tatt prøvar ved Bønnaleira og Fugelvågen i Ålvundfjord, Naustbukta på Opdøl og Småbåthavna på Sunndalsøra.
Sjå oversikt over prøveresultata i tabell.
Slik blir vasskvaliteten vurdert
Vasskvalitet for friluftsbad blir i hovedsak vurdert ut i frå innhaldet av tarmbakteriar (termotolerante koliforme bakterier – (TKB) og intestinale enterokokker – (IE)). Dette er bakteriar som er teikn på avføring fra menneske eller pattedyr. I dei europeiske normene (2006) blir den bakteriologiske vasskvaliteten vurdert og delt i tre tilstandsklasser:
Utmerket (grøn): <250TKB / <100 IE
God (gul): 250-500 TKB / 100-200 IE
Dårleg (raud): >500 TKB / >200 IE
Alt målt per 100 ml.
Det er ulike grenseverdiar for ferskvatn og sjøvatn. Her er alt vurdert etter grenseverdiane som er for sjøvatn, som er strengare enn for ferskvatn.
Publisert 20.07.2023 13:01