Løykja skole

Løykja skole er ein barneskole med 1. til 7. årssteg og skolefritidsordning. Skolen ligg på Grøa, åtte kilometer frå sentrum i retning Hoås.

Magne Bjorli er rektor ved skolen.

Området rundt skolen ligg godt til rette for aktivitetar til alle årstider. Det er gravhaugar frå jarnalderen eit steinkast frå skolehusa, Philipshagen og bygdemuseet på Leikvin er i gangavstand, og elva Skorga renn forbi på veg frå dei bratte dalsidene og ned mot Driva.

Det er lysløype og og skileikeområde like ved, samt eit uteskoleområde med gapahukar, bålplass og hinderløype i skogen sør for skolen. Skoleplassen er opprusta dei seinare åra med ein kunstgrasbane for ulike ballspel.

Skolen sin visjon:

"Læring og trivsel i sentrum!"

Skoleåret 2019/20 har skolen 58 elevar og 13 tilsette.
Opplæringsmålet er nynorsk.
Leiar for FAU er Åshild Gjersvik, nestleiar er Nina Larsen Romfo.

Skolestart og -slutt:
Måndag, tysdag og fredag 08.45 - 13.40 for alle årsstega
Onsdag 08.45 - 14.45 for alle årsstega
Torsdag 08.45 - 12.55 for 1. til 4. steg og 08.45 - 14.45 for 5. til 7.steg

Kontaktinformasjon

Løykja skole
E-post
Mobil 902 41 445
Magne Bjorli
Rektor
E-post
Mobil 992 96 091
Kathrine Solheim
Inspektør
E-post
Mobil 916 67 346
SFO - Løykja skole
Mobil 477 07 636