Ålvundfjord skule er ein barneskule for elevar busett på Ålvundeid og i Ålvundfjord.
Skulen ligg 21 kilometer frå sentrum, i retning Surnadal.
Skulen ligg i fine omgjevnadar nær fjorden. I nærområdet er det idrettsplass med fotballbane og fotballhall som skulen kan nytte. Området rundt skulen ligg godt til rette for mange aktivitetar, med fjell, fjord og elv i gangavstand frå skulen.
Skulen sin visjon:
"Tryggleik, trivsel, kunnskap og utvikling for born og unge, foreldre og tilsette."
Skuleåret 2020/21 har skulen 72 elevar og 19 tilsette.Opplæringsmålet er nynorsk.
Leiar for FAU er Kari Grete Røkkum Vevang.
Skulestart og -slutt:
Måndag og fredag 08.30 - 13.30 for alle årsstega
Tysdag og torsdag 08.30 - 14.30 for alle årsstega
Onsdag 08.30 - 12.30 for 1. til 4. steg og 08.30 - 14.30 for 5. til 7. steg