Triveleg samling for to gode UKL-naboar

Det har lenge vore eit ønske om ei felles samling for dei to UKL-naboane: Fjellgardane i Øvre Sunndal i Møre og Romsdal og Klevgardan i Trøndelag. Den 23. august vart dette realisert, med ei dagssamling på garden Jenstad i Øvre Sunndal. Sunndal kommune og Oppdal kommune var initiativtakarar til samlinga. På programmet stod markvandring, lunsj og informasjon om Fjellgardane.

Velkommen til Jenstad gård - Klikk for stort bildeVelkommen til Jenstad gård

To tette naboar med mykje felles

Ein kan kalle dei to UKL-områda for naboar då det berre er 3,4 km i luftlinje mellom dei. Fjellgardane i Sunndal fekk UKL-status i 2009, medan Klevgardan fekk det i 2017. Fjellgardane er større med sine 101 000 dekar, medan Klevgardan utgjer 17 000 dekar. Begge områda har sine særeigne verdiar, men mykje til felles når det kjem til landskap, klima og jordbruksdrift.

Yngve Rekdal frå NIBIO fortalde om ressursgrunnlaget for utmarksbeite - Klikk for stort bildeYngve Rekdal frå NIBIO fortalde om ressursgrunnlaget for utmarksbeite

Programmet, heimelaga graut og lokal historie

Det var totalt 28 deltakarar på samlinga, inkludert 20 grunneigarar frå dei to områda, representantar frå kommunane og Statsforvaltarane. Kari Marie Jenstad ønskte velkomen til Jenstad gard, og Gro Albu frå Oppdal kommune presenterte dagens program.

Første post var utandørs, der Yngve Rekdal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) fortalde om ressursgrunnlaget for utmarksbeite, med fokus på gjengroing, økologiske prinsipp og vedlikehald av utmarksressursane. Dette la grunnlag for gode diskusjonar i gruppa.

Deretter gjekk ein innandørs igjen, der det vart servert heimelaga rømmegraut med spekemat. Mens vi åt, fortalde Kari Marie om historia til garden og folket her. Ragnhild Aas frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fortalde om UKL i Møre og Romsdal og viste foto frå Fjellgardane i Øvre Sunndal. Til slutt takka ordførar i Oppdal kommune, Elisabeth Hals, og Gro Albu for dagen.

Garden Jenstad, bakom skimtast gardane Svøu og Svisdal.JPG - Klikk for stort bildeGarden Jenstad, bakom skimtast gardane Svøu og Svisdal.JPG

Neste år går turen til Klevgardan

Alle var svært nøgde med den første felles samlinga for dei to UKL-naboane, og konklusjonen var at dette må fortsette. Neste år går turen til Klevgardan.