Om biblioteket

Biblioteket er eit gratis, offentleg tilbod som er tilgjengeleg for alle.

Sunndal folkebibliotek tilbyder eit mangfald av kunnskap og opplevingar – ein møteplass på tvers av alder, kjønn og sosial tilhøyrsle. Biblioteket ligg sentralt på Sunndalsøra med Øratorget, Sunndal kulturhus og Sunndal rådhus som nærmaste grannar. Her er det:

  • Gangavstand frå busshaldeplass
  • Gratis parkering
  • Fleire kulturtilbod like ved
  • Bygninga er tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Parkeringsplass for fysisk helsehemma inne på Øratorget

Du kan låne bøker, filmar, magasin/tidsskrift, lese og studere, nytte trådlaust nettverk, deltake på arrangement og mykje anna hjå biblioteket – heilt gratis.

Sunndal folkebibliotek skal ha til oppgåve å fremje opplysing, utdanning og annan kulturell verksemd, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre media til disposisjon for alle som bur i landet.

Folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt.

(jf. Lov om folkebibliotek (2014))

Kontaktinformasjon

Sunndal folkebibliotek
Telefon 90 13 57 85
Tore Vaagen
Konstituert biblioteksjef
Kristin Reitan
Barne- og ungdomsbibliotekar
Oda Fløystad
Bibliotekar