Leseglede «Gjennom bøkene blir jeg tusen mennesker, men forblir allikevel meg selv» – CS. Lewis, forfatteren av Narnia-bøkene Skal du byrje lese, eller leser du frå før og vil lese meir? Her har du nokre tips for å finne lesegleda. Ho er sjeldan langt unna! Les so ofte du kan og vil Les bøker du tykkjer er interessante – men ver ikkje redd for å prøve noko nytt Ha bøker tilgjengelig heile tida Prat med andre om det du les – anten det er foreldre, barn, vener eller katta Ta deg tid med det du les – hastverk er lastverk Les på din måte, anten det er med ei papirbok, lydbok eller ebok – eller med alle sammen Les høgt saman med nokon eller spør nokon om å lese høgt for deg Er du litt usikker på kva du skal lese? På inspirasjonssida vår finn du mange gode boktips, og ei oversikt over nyhende i samlinga vår, populære bøker og bøker som nyleg har vore innlevert eller utlånt. På Boksøk.no kan du leite etter bøker om mange ulike tema. På Bokslukerprisen.no kan du sjå kva barn på barneskulen liker å lese. På Uprisen.no kan du sjå kva ungdom på ungdomsskulen liker å lese. Du er òg velkomen til biblioteket for å finne bøker. Spør oss gjerne – vi hjelper deg med å finne riktig bok til nett deg. «Verdens beste bok er den du liker best. Vi kan hjelpe deg med å finne den» – Fra Det leservennlige biblioteket Sist endret 21.07.2021 12:38