Registrer deg som lånar

Det er gratis og enkelt å få lånekort.

Alle som bur i Noreg og er over 15 år, kan få Nasjonalt lånekort som kan nyttast ved bibliotek i heile landet. Lånarar utan norsk ID-nummer, og born mellom 6–14 år kan få lokalt lånekort. Same gjeld for skular, barnehagar og institusjonar som blir registrert med namn på institusjonen og ansvarsperson.

Ha alltid med lånekort når du skal bruke biblioteket. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på kortet ditt.

  • Fyrste lånekort er gratis
  • Viss du oppgraderer ditt lokale kort til nasjonalt lånekort, er dette òg gratis
  • Viss du mistar kortet, kostar eit nytt kr 25.

 

Digitalt nasjonalt lånekort

Digitalt nasjonalt lånekort er eit fullverdig nasjonalt lånekort som du utan nasjonalt lånekort frå før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no.

Tenesta krev at du identifiserer deg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID med fleire.) fyrste gong du registrerer eit nasjonalt lånekort, eller du kan logge inn på vanleg måte viss du har nasjonalt lånekort frå før.

Som digital nasjonal lånar har du tilgang til nasjonale bibliotektenester som til dømes Filmbib. For å få tilgang til lokale tenester ved Sunndal folkebibliotek, ta kontakt.

Lag deg digitalt nasjonalt lånekort

 

Lånekortskjema

Tak med gyldig legitimasjon og du får eit lånekort gratis på biblioteket. Ver god og meld frå viss du har vore registrert tidlegare. Viss du er under 15 år, må føresette fylle ut lånekortskjema for at du skal få lånekort. Skjemaet kan du hente på biblioteket.

Meld alltid frå viss du endrar namn, adresse, telefonnummer eller e-postadresse.

Skjema for å registrere lånekort (PDF, 481 kB)

 

Har du allereie nasjonalt lånekort?

Viss du allereie har nasjonalt lånekort kan du bruke det hjå oss. Ta med deg lånekortet og legitimasjon, så aktiverer vi kortet i skranken.

 

Ulike typar lånekort

Felles lånekort (Nasjonalt lånekort)

Dette er eit landsdekkjande lånekort som du kan nytte ved dei fleste norske biblioteket. Lånekortet kan berre skrivast ut til enkeltpersoner og ikkje til dømes skular og institusjonar. Kortet må registrerast før fyrstegongsbruk i dei biblioteka du skal bruke, ved personleg oppmøte. Du må oppgjeve personnummer for å få Felles lånekort.

Digitalt nasjonalt lånekort

Kortet fungerer som eit vanleg nasjonalt lånekort. Du kan registrere kortet sjølv via sida nb.bib.no, og bruke kortet digitalt i alle høve.

Lokalt lånekort

Dette kortet kan berre nyttast ved Sunndal folkebibliotek. Lokalt kort vil ha nokre avgrensingar for bruk av somme digitale tenester. Her treng ein ikkje oppgjeve personnummer.

Institusjonskort

Dette kortet kan berre nyttast ved Sunndal folkebibliotek. Kortet er ikkje til personleg bruk, men knytt til din arbeidsstad, som til dømes skule, barnehage eller sjukeheim, og skal berre nyttast i slike høve.