Biblioteket treng opplysningar om namn, adresser, telefonnummer og e-postadresser for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til brukarane våre. Samtykke til å ta vare på slike opplysningar blir gjeve når ein registrerer seg som lånar hjå oss.
Opplysningane som blir registrert i datasystemet til biblioteket blir ikkje nytta til andre føremål enn å administrere utlån og fjernlån. Vi samlar òg statistikk over bruken av biblioteket, men statistikken er generell og ikkje knytt til einskildpersonar.
Personnummer trengst for å unngå dobbeltregistreringar i det nasjonale lånarregisteret. Lånaren kan velje ikkje å oppgje personnummer, då blir ein registrert som lokal lånar.
Dei tilsette på biblioteket har teieplikt, og gjev ikkje informasjon om lånarar eller kva dei låner til uvedkomande, korkje andre brukarar, andre tilsette/verksemder i kommunen, tilsette i andre bibliotek eller politi/andre styresmaktutøvarar. Vi kan heller ikkje få reie på kva ein lånar har lånt hjå andre bibliotek.
Lånaren kan sjølv logge inn på heimesidene til biblioteket for å sjå kva for opplysningar vi har registrert, eller be om å sjå informasjonen på biblioteket.
Utlånshistorikk blir som standard sletta 14 dagar etter innlevering. Utlånshistorikk utover dette kan vi ikkje take vare på med mindre lånarar ber spesielt om det.
Lånarar kan be om at deira opplysningar i lånarregisteret blir sletta.
Kontakt oss viss du ynskjer meir informasjon om kva for opplysningar biblioteket lagrar om deg som lånar.