Ordensreglar

Biblioteket er ein stad for alle innbyggarar – store som små. Det er eit mål at alle skal trivst og føle seg trygge når dei vitjar Sunndal folkebibliotek.

Alle vitjarar må rette seg etter utlånsreglane og ordensreglane til biblioteket, samt alminnelege reglar for god åtferd. Vi forventar at alle tek omsyn til andre vitjarar og til tilsette.

Bøker og anna materiale, møblar og utstyr skal handsamast med varsemd. Blir du merksam på at noko av materialet til biblioteket er skada, ber vi deg venleg varsku før du låner.

Mat og drikke er berre tillate viss det ikkje er til sjenanse for andre brukarar av biblioteket. Rydd etter deg og venlegast kast søppel i oppsette søppelkasser.

Born under 10 år bør vere i fylgje med vaksne når dei er på biblioteket. Det er føresette sit ansvar at borna fylgjer reglane til biblioteket.

Førarhund er tillate på biblioteket. Andre dyr har ikkje tilgjenge. Syklar, rullebrett, rulleskeiser og liknande er ikkje tillate.

Bruk av mobiltelefonar eller PC med høg lyd bør leggjast til område der det ikkje er til sjenanse for andre.

 

Bortvising frå Sunndal folkebibliotek vil skje i fylgjande tilfelle:

  • Synleg rusa personar, eller personar som brukar rusmiddel i lokala.
  • Personar som er til sjenanse pga. bråk, eller opptrer aggressivt eller truande mot andre vitjarar eller dei tilsette.
  • Personar som vert teken i å gjere hærverk eller annan kriminell verksemd.

Bortvising gjeld mellombels i den aktuelle situasjonen. Grove og gjentekne brot på ordensreglane kan medføre utvisning i minst éin månad og blir eventuelt meldt til politiet.

 

I tillegg gjeld «Politivedtekt for Sunndal kommune».