Korleis låne

Her finn du ei oversikt over typiske spørsmål knytt til lån, reservering, forlenging og erstatning.

Korleis lånar eg?
  • På utlånsautomatane trykkjer du «Utlån» på skjermen.
  • Skann lånekortet eller mobilen din under det raude lyset til høgre.
  • Tast pin-kode og trykk Skriv inn.
  • Legg det du vil låne ned på plata i midten framfor deg, og det blir registrert automatisk. Du kan leggje opptil 5 bøker på plata samstundes, men for lydbøker råder vi til å legge på éi og éi om gongen.
  • Sjekk på skjermen at alt du vil låne er registrert som utlånt. Her står òg innleveringsfrist.
  • Avslutt med eller utan kvittering ved å trykkje nede til høyre på skjermen. Har du registrert e-postadresse hjå oss, kan du få kvittering på e-post.
Kor lenge kan eg låne?

Lånetid for bøker og lydbøker er 4 veker.

Lånetid for filmar, spel og tidsskrift er 2 veker.

Lånetid for Playstation 4 er 1 veke.

For fjernlån frå andre bibliotek gjeld eigarbiblioteket sine fristar.

Korleis forlengar eg låna mine?

Lån kan du forlenge inntil 3 gongar, dersom materialet ikkje er reservert til andre.

  1. Logg inn på Meg & Mitt.
  2. klikk på Mine lån og vel Forny. Ny dato vil synast om det er mogleg å forlenge.

På utlånsautomaten kan du trykkje Konto for å forlenge låna dine. Du kan ikkje forlenge viss materialet er reservert til andre eller materialet er lånt inn frå eit anna bibliotek. Kontakt biblioteket viss du vil forlenge fjernlån.

Du kan òg forlenge ved å take kontakt med dei tilsette når du er på biblioteket, eller ved å kontakte oss per e-post eller telefon.

Korleis reserverer eg?

Logg inn på Meg & Mitt med lånekortnummer og pin-kode. Søk opp det du vil låne på nettstaden til biblioteket, anten via datamaskin eller mobil. Klikk på den aktuelle tittelen og vel «Reserver». Du kan sjå om materiale er ledig på hylla eller utlånt. Nyare titlar er det ofte venteliste på.

Du kan òg reservere når du vitjar biblioteket ved å take kontakt med dei tilsette.

Du får varsel når du kan hente lånematerialet på biblioteket, per e-post eller SMS. Måten du blir kontakta på kan du avgjere sjølv på Meg & Mitt.

 

Er det noko vi ikkje har?

Med Nasjonalt lånekort kan du låne bøker frå andre bibliotek via Biblioteksøk og få dei tilsendt til Sunndal folkebibliotek.

Eg har fått hentemelding. Kva gjer eg?

Når du får varsel om at du har bøker eller anna utlånsmateriale til henting, får du eit hentenummer med ein kode, til dømes: 2019-261.

Det fyrste talet er årstalet. Det andre taler syner rekkefylgja under årstalet, og hylla er sortert etter dette. Viss du ikkje kjem i hug hentenummeret, kan du slå det opp på automaten ved å trykkje Konto eller sjå det i Meg & Mitt.

Finn riktig nummer, og lån deretter materialet i utlånsautomatane med lånekortet ditt.

Korleis leverer eg?

Du leverer på automatane. Vel Retur og fylg instruksjonar for kor du skal leggje boka – anten i tralla eller i den raude kassa når du leverer fjernlån og materiale som er reservert av andre. Du kan velje om du vil ha kvittering på innleveringen.

Når biblioteket er stengt, kan du levere i ei returkasse på Sunndal kulturhus. Her leverer du på eige ansvar.

Du kan levere attende på eit anna bibliotek enn der du lånte. Vi returnerer også til andre bibliotek utanfor Sunndal kommune.

Kva gjer eg ved for sein innlevering?

Du er sjølv ansvarleg for at levere det du har lånt innan fristen. Om du har registrert e-postadresse eller mobilnummer, vil du få varsel fire dagar før forfallsdag. Du kan forlenge lånetida om det ikkje er nokon som ventar på det du har lånt.

Vi sender ut purringar per SMS eller e-post 714 og 21 dagar etter forfallsdag. Ein får ikkje purregebyr.

Rekning med inkassovarsel blir sendt 28 dagar etter forfallsdag. Det er viktig at du varslar oss viss du leverer attende materiale du har motteke rekning for, slik at vi kan slette fakturaen.

Kva gjer eg ved tap og skadar?

Bøker, filmar, CD-ar og anna materiale som blir skada, må erstattast. Det er biblioteket som vurderer og avgjer når erstatning er naudsynt. Blir du merksam på at noko av materialet til biblioteket er skada, ber vi deg venlegast varsku før du låner.

Om du har fått krav om erstatning frå Sunndal kommune kan du ikkje kjøpe til nytt materiale. Då må du betale fakturaen. Men om du framleis har materialet tilgjengeleg, kan du levere det på biblioteket for å unngå å måtte betale rekninga. Dette må du gjøre innan 30 dagar frå rekninga vart sendt. Om det har gått lengre tid må kvar sak vurderast individuelt.

Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter innkjøpspris. Erstatningskrav knytt til fjernlån er etter eigarbiblioteket sine satsar. Du kan betale erstatning med Vipps i biblioteket eller du kan få tilsendt faktura, men då mot tilleggsgebyr.

Kontaktinformasjon

Sunndal folkebibliotek
E-post
Telefon 90 13 57 85