Nasjonalbiblioteket digitaliserer systematisk heile samlinga si. I nettbiblioteket kan du søkje i fulltekst i bøker, aviser, bilete, tidsskrift og mykje meir.
Materiale som ikkje er verna av opphavsretten blir gjort tilgjengeleg for alle på internett. Der Nasjonalbiblioteket har avtalar med opphavsrettshavarar får brukarar med norske IP-adresser tilgang til materiale som er verna av opphavsretten.
Heile den digitale samlinga er tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon i Nasjonalbiblioteket sine lokale.
Ver merksam på at det ikkje er mogleg å tinge materiale i nettbiblioteket, berre søkje og lese.
Nasjonalbiblioteket er ikkje ferdig med å digitalisere alt, so det vil vere mykje du ikkje får treff på i nettbiblioteket. Ei meir fullstendig oversikt over samlinga får du i Oria.