Lesekiosk

Lesekiosk er eit nasjonalt litteraturformidlingsprosjekt i regi av Foreinga !les støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Prosjektet handlar om å fylle 100 verna telefonkioskar med bøker og litterær aktivitet for å gjere litteratur og gode leseopplevingar tilgjengeleg for det norske folk.

 

Kva gjer eg med lesekiosken?

I lesekiosken står det eit godt utval bøker. Bøkene kan du byte med ei bok du sjølv ikkje vil ha, men som du vil dele med andre. Tanken er å dele gode leseopplevingar. Slik kan ein gjere bøkene til ein del av alle sitt liv. Døra til lesekiosken er aldri stengt og du kan soleis byte bøker når du vil på døgnet.

Sunndal folkebibliotek er lesekioskfadder. Dette tyder at vi skal syte for at lesekiosken er ryddig og innbydande for alle som nyttar han. Samstundes er vi avhengig av at dei som òg brukar lesekiosken ikkje fyller opp med bøker dei vil kvitte seg med, men samvitsfullt sett att bøker dei verkeleg vil at andre skal lese.

 

Kvar finn eg lesekiosken?

Lesekiosken på Sunndalsøra står i ro og mak i Mongstugata, like utanfor Sunndal næringsselskap.

 

Opning av lesekiosken

Lesekiosken på Sunndalsøra vart høgtideleg opna 16. juli 2020, og var med det den fyrste lesekiosken i Møre og Romsdal. Under opninga framførte Nora Bæverfjord Rye to songar og ordførar Ståle Refstie las dikt.

Bilete frå opninga av lesekioske. Ordførar Ståle Refstie klipte snora. - Klikk for stort bildeOrdførar Ståle Refstie fekk æra av å opne lesekiosken som var ein telefonkiosk han ifylgje eige utsagn ein gang i tida tulleringte mykje frå. Sigmund Tjelle/Driva  

Bilete frå opninga av lesekiosken. Nora Bæverfjord Rye framførte to songar. - Klikk for stort bildeNora Bæverfjord Rye framførte to fine songar under opninga. Sigmund Tjelle/Driva