Trommer/slagverk

Du har no kome til den kulaste disiplinen i kulturskulen: trommer og slagverk. Dersom du melder deg på her, treff du meg. Eg heiter Jo Inge Nes og har vore trommelærar her i mange år. Hos meg speler vi trommer frå alle verdas hjørner, og etter kvart går mange over til trommesett i band eller i korps.

Dei fleste starter med djember, som er ei tromme frå vest-Afrika. Den er enkel å få lyd på, og då blir det fort musikk av det. Eg speler det meste av slagverkinstrument, så hos meg får du prøve litt tå kvart.

Band

Eg er også bandlærar. Vi prøver så godt vi kan å sette elevar saman i band, slik at dei får mest muleg bandtrening. I bandtimane får du lære korleis du skal gå fram for å spele ei låt du høyrer. Vi går gjennom alle dei ulike instrumentane, og målet er at elevane skal bli sjølvstendige og sjølvgåande.

Eg spelar dei fleste instrument i eit band, så alle elevane mine blir fulgt opp og får oppgåver å strekkje seg etter.

Kontaktinformasjon

Jo Inge Nes
Møremusiker og trommelærer
E-post