Leseglede

Illustrasjonsfoto: Bøker i stabel med kopp på toppen - Klikk for stort bilde 

«Gjennom bøkene blir jeg tusen mennesker, men forblir allikevel meg selv»

– CS. Lewis, forfatteren av Narnia-bøkene

 

Skal du byrje lese, eller leser du frå før og vil lese meir? Her har du nokre tips for å finne lesegleda. Ho er sjeldan langt unna!

  • Les so ofte du kan og vil
  • Les bøker du tykkjer er interessante – men ver ikkje redd for å prøve noko nytt
  • Ha bøker tilgjengelig heile tida
  • Prat med andre om det du les – anten det er foreldre, barn, vener eller katta
  • Ta deg tid med det du les – hastverk er lastverk
  • Les på din måte, anten det er med ei papirbok, lydbok eller ebok – eller med alle sammen
  • Les høgt saman med nokon eller spør nokon om å lese høgt for deg

 

Er du litt usikker på kva du skal lese?

På inspirasjonssida vår finn du mange gode boktips, og ei oversikt over nyhende i samlinga vår, populære bøker og bøker som nyleg har vore innlevert eller utlånt.

Du er òg velkomen til biblioteket for å finne bøker. Spør oss gjerne – vi hjelper deg med å finne riktig bok til nett deg.

 

«Verdens beste bok er den du liker best. Vi kan hjelpe deg med å finne den»

–  Fra Det leservennlige biblioteket