På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk, som er tilgjengeleg for strøyming gjennom tenesta.
Fri og uavgrensa strøyming
Du kan strøyme so mykje du vil frå Verdensbiblioteket. Det er inga avgrensingar for kor mykje du kan bruke tenesta.
Kven har tilgang?
Verdensbiblioteket.no er ope for alle i Noreg. Du kan vitje sida får ei norsk IP-adresse, og må opprette ein brukar og logge inn for å få tilgang til innhaldet.
Å opprette ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse.
Språka i Verdensbiblioteket
Det finst e-bøker og lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i Verdensbiblioteket. Desse språka er vald fordi dei elles er vanskeleg for folkebiblioteka å kjøpe inn e-bøker på.
Kven står bak Verdensbiblioteket.no?
Verdensbiblioteket er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Noreg, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Verdensbiblioteket vert drive i fellesskap av dei skandinaviske nasjonalbiblioteka. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for Verdensbiblioteket.no.
Kvar finn eg vanlege bøker/andre språk?
For informasjon om Nasjonalbiblioteke sine andre tilbod på innvandrarspråk, sjå Det flerspråklige bibliotek.