Ein notidsaktuell klassikar i ny omsetjing
Om det er noko dei siste månadene har lært oss, så er det kor skjørt samfunnet vårt er. Det skal ikkje meir enn eit virus til for å velte kvardagen vår og snu alt det vi kjenner på hovudet. I denne boka, opprinneleg utgjeve i 1947, er det ikkje eit virus, men ein frykta pestbakterie som rystar eit uførebudd samfunn. Historia har mange likskapstrekk med situasjonen vi står i no, samstundes som skilnadene er store. Då eg søkte opp denne boka fekk eg opp mange teoriar om kva som kunne vere filosofien bak forteljinga. Eg, som verken har inngåande kunnskap om ulike filosofiske teoriar eller den detaljerte verdshistoria, har vald å rett og slett lese boka som ei forteljing, og har hatt stor glede av det. I denne ny-omsetjinga av Pesten er det lett å følgje med, samstundes som magien ved å lese ei historisk bok framleis er der. Den nye omsetjinga er utgjeve i 2020.
Boka handlar om eit samfunn, ein heilt vanleg by med heilt vanlege menneske. På få dagar tek ein dødeleg pest over byen, og sender alle som bur der ut i ein smertefull unntakstilstand. Det gjer at dei må akseptere eit heilt nytt liv og lære å leve med frykt og sakn. Murane blir stengde, og byen isolerast frå omverda. Boka følgjer personar med ulike rollar i samfunnet, alt frå ein lege til ein småkriminell, og skildrar reaksjonane og handlingane deira når krisa inntreff. Dei blir alle nøydde til å stille seg sjølv vanskelege spørsmål, og finne noko som kan halde dei oppe sjølv når alt er som mørkast. Pesten er ei ganske nøytral skildring av hendingar og personar, men det er ei bok full av tankar og gode dialogar, om reaksjonar i ein situasjon det nesten er umogleg å reagere på.
Reserver boka her.