Les pakningsvedlegget nøye av Karen Havelin

Les pakningsvedlegget nøye av Karen Havelin - Klikk for stort bilde Målgruppe: Voksne

Sidetall: 222

Ei smertefullt god bok om smerte

Å leve med kronisk sjukdom er vanskeleg, alle skjønar det. Men tek vanlege menneske innover seg at tilstanden til kronisk sjuke kanskje aldri blir betre, at smertene kanskje aldri vil ta slutt? Og vel alle dei andre å stenge det ute, og gøyme seg bak at alt skal bli bra? Denne romanen gjev eit innblikk i eit liv med usynleg sjukdom, men også eit liv som handlar om andre ting, som parforhold, kvardag og morkjærleik. Det er ei upynta skildring av samfunnet sett frå perspektivet til ein sjuk person, men også av ein familie og behovet for støtte og medkjensle i nære relasjonar.

Boka handlar om Laura, ei nyskild, norsk småbarnsmor i New York. Ho har diagnosen endometriose, som fører til konstante smerter mange stader i kroppen. Akkurat då ho har byrja å finne ut korleis ho skal greie å leve åleine, dukkar eks-kjærasten hennar frå Noreg opp. Det set i gang ein vond tankeprosess full av minne frå fortida, ei fortid prega av smerte, sjukdom, og ønskje om å bli sett og forstått av samfunnet rundt seg.
 

 

Reserver boka her.