Underhaldning, rett og slett
Det finst mange førestillingar om kva helvete er og kvar det kan liggje, og alle har nok sine eigne idear om denne mystiske og fæle staden. Erlend Loe har i denne underhaldande boka valt å tenkje seg helvete som ein slags mellomting mellom ein straffeanstalt og ein turistattraksjon, der alle snakkar nynorsk og dei besøkjande får uavgrensa med gratis Cola. Det manglar ikkje på ordspel og humor når Erlend Loe skildrar denne usannsynlege staden og dei som bur der. Skal ein finne djupare meining og kloke tankar her må ein nok leite litt, men det er behageleg å berre kunne le litt over ei ganske kort, heilt ukomplisert bok av og til.
Forteljinga handlar om Rakel, ei nyskild kvinne som desperat prøver å bli eit rekkehusmenneske, og som har full panikk for den komande femtiårsdagen. Ein dag finn ho ei underjordisk luke i hagen, med ei trapp som fører rett ned til sjølvaste helvete. Rakel kjøper billett, og går ned. Ho blir fascinert av verda der nede, og ikkje minst av djevelen sjølv, som ho raskt innleiar eit kjærleiksforhold til. Det viser seg snart at det var mykje lettare å bli eit helvetesmenneske enn eit rekkehusmenneske.
Reserver boka her.