Ei forteljing om tid (og ei anna tid)
Om ein tenkjer på store rike og imperium på 1700-talet, ser ein kanskje først for seg England, Spania eller ei anna europeisk stormakt. Men lengre aust fanst også eit stort rike, Kina. I denne boka får lesaren eit innblikk i livet rundt keisaren av Kina på 1700-talet, der det er rikdom og velstand i overflod, men der alle berre er eit feilslått blikk eller ein uheldig kommentar unna å bli hengde, eller det som verre er. Samstundes handlar boka om menneska sitt forhold til tida, om korleis dei somme gongar kan ønskje å bremse, framskunde eller stanse denne udefinerbare tikkinga som driv eit liv framover. Boka er full av detaljerte skildringar av hendingar og stader. Dette gjer historia realistisk, men det gjer det også til ei litt utfordrande bok å lese, fordi setningane kan vere lange og innehalde mange skildringar på ein gong. Med andre ord er det berre å hengje med!
Boka handlar om Alister Cox, ein kjend urmakar frå England. Saman med tre hjelparar reiser han over havet for å lage ur for keisaren av Kina. Han blir innlosjert i Den forbodne by og omgjeven av livet rundt keisaren, Dei titusenårs herre. Keisaren er ein uberekneleg og gåtefull mann som ønskjer å kontrollerer alt i verda, inkludert tida. Han gjev Cox ei oppgåve som ingen før har greidd å løyse, nemleg å lage eit ur som aldri sluttar å gå. Denne oppgåva set ferdigheitene til urmakarane på prøve, men det er også eit spørsmål om rikdom eller fattigdom, liv eller død.
Reserver boka her.