Alle fugler små av Hanne Gellein

Alle fugler små av Hanne Gellein - Klikk for stort bilde Målgruppe: Voksne

Sidetall: 319

Spennande krim frå Trondheim

Finst det eigentleg ei meir ondskapsfull handling enn å drepe eit barn? Det måtte i så fall vere å drepe fleire barn. Og veit ein eigentleg kven ein kan stole på? Dette er ikkje den typiske krimromanen med to halvgamle etterforskarar med kvar sin kaffikopp. Derimot er dette forteljinga om to kvinner, i utganspunktet heilt ukjende for kvarandre, som blir kasta inn i eit drama der ingen viser seg å vere den dei trudde. Boka er spennande frå første side, og lesaren blir rive med inn i eit system av løgner, svik og hemmelege nettverk.

Handlinga i boka finn stad i eit vinterleg Trondheim. Då fleire barn hamnar på obduksjonsbenken hennar, greier ikkje patolog Silje Andersen å la saka liggje. Særleg ikkje når ho oppdagar at nokon i politiet kanskje prøver å skjule bevis. Saman med ein tidlegare høgreekstrem med inngåande datahackingskunnskapar startar ho sine eigne undersøkingar. Samstundes mottek dommar Ingeborg Witsøe Berg ein trussel i form av ein død fugl under ei krevjande rettssak. Ho er framleis i sorg etter at dottera Maja drukna fem år tidlegare. På kvar sin kant avdekkjer dei godt skjulte spor. Kan det vere ein samanheng mellom desse barna og dottera til Ingeborg?

 

 

Reserver boka her.