Ikkje berre ei vanleg kjærleikshistorie
Sårbarheit og usikkerheit kjem i mange former. Denne boka er ei kjærleikshistorie mellom to personar, men også ei historie om kva som gjer at vi blir dei vi blir og om smerta ved å ikkje kjenne seg inkludert. Boka er grunnlaget for den populære serien "Normal People" som har fått gode kritikkar i norske aviser. Det er ei historie eg trur dei fleste kan kjenne seg att i på eitt eller fleire vis, og som rører lesaren gjennom å vise sårbarheita på ein naturleg, om ikkje alltid romantisk, måte.
Boka handlar om Connell og Marianne, to heilt ulike ungdomar som går på same vidaregåande. Han er god i sport, populær og har ein stor vennegjeng, medan ho blir rekna som rik, rar og vennelaus. Likevel finn dei kvarandre og blir saman, om enn i all hemmelegheit. Då dei seinare møtest att på college, er rollane totalt snudde om. No er det ho som er populær og har mange vener, medan han er utanfor. Men mange år med utanforskap og eit dårleg familiemiljø har sett spor i Marianne, og ho har vanskeleg for å stole på dei rundt seg. Boka følgjer dei gjennom opp- og nedturar og viser at menneske kan vere sårbare, sjølv når dei ser sjølvsikre ut på utsida.
Reserver boka på norsk her,
Reserver boka på engelsk her.