Det fleirspråklege biblioteket

Det flerspråklige biblioteket (DFB) skal vere eit støtteapparat for alle landets bibliotek, så dei er i stand til å hjelpe brukarar på det fleirkulturelle feltet på ein effektiv måte.

Som privatperson har du tilgang til alle DFB sine samlingar via ditt lokale bibliotek. Biblioteket kan tinge titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Om du har Nasjonalt lånekort kan du sjølv tinge titlar gjennom søket til DFB og få dei tilsendt til ditt bibliotek. Treng du rettleiing kan ditt lokale bibliotek hjelpe deg.

 

Det flerspråklige bibliotek har tre hovudfunksjonar:

Innkjøps- og katalogavdeling for litteratur og andre medium på mange språk.

Nasjonal fjernlånssentral for litteratur og medium på andre språk enn norsk.

Gjeve rettleiing om bibliotektenester til eit fleirkulturelt norsk samfunn.

Skjermdump frå nettstaden til det fleirspråklege biblioteket (dfb.nb.no)