Bibliotek i Sunndal – ein kort historikk

Folkeboksamlinga i Sunndal vart oppretta i 1843.

I 2018 var det 175 år sidan det fyrste grunnlaget vart lagt for bibliotekverksemda i Sunndal. Eit bibliotek for Sunndal prestegjeld, som den gongen femna Sunndal, Øksendal og Ålvundeid, vart grunnlagt 11. september 1843, då det ved friviljuge bidrag vart innsamla 30 spesidalar som det vart kjøpt inn bøker for.

Sunndal var ikkje spesielt tidleg ute. Saka hadde vore teke opp fem år tidlegare, utan resultat.

Folkeopplysingstanken grunnlag for folkeboksamlingar.

Framlegg om å opprette sokne- eller folkeboksamlingar vart sett på dagsorden i mange bygder frå slutten av 1830-åra. Den nasjonale bakgrunnen var mellom anna Henrik Wergelands arbeid for folkeopplysing i 1830-åra, då han reiste land og strand og tala varmt for biblioteksaka.

Eit resultat av dette arbeidet var eit rundskriv frå Kyrkjedepartementet til bispane, datert 19. desember 1837. Her fekk bispane pålegg om å gjere kjend at departementet ville hjelpe med pengar når folket i eit prestegjeld viste interesse for å opprette boksamlingar.

 

Framlegg om boksamling i formannskapet i sunndal i 1838

Dette rundskrivet hadde sokneprest Berner sendt til formannskapet i Sunndal, saman med eit framlegg om å selje 83 tynner havre og 50 tynner bygg av magasinkornet, og bruke pengane til grunnlegging av ei boksamling for Sunndal. Det var vel vorte såpass gode år og avlingar at ein såg ikkje lenger den same trongen for å lagre korn med tanke på kriseår. Kornmagasina kringom i landet byrja verte avvikla, og ein byrja sjå trongen for åndeleg føde.

Anders Todal skriv i årsmøtet for Nordmøre historielag 1937, om det fyrste formannskapsmøtet hjå Lars Åker 15. januar 1938:

«Formannskapet vilde på dette møte få ordna fordelinga av kyrkjepartana. Dinæst skulde dryftast framlegg frå sokneprest Berner um sal av noko magasinkorn. For pengane ville presten kjøpe bøker til ein grunnstokk i ei folkeboksamling.»

Saka vart so handsama på fyrste sammøtet mellom formenn og representantar i Sunndal, i Lars Åkers hus, 5. februar 1838.

Todal skriv vidare om dette:

«Meiningane um spursmålet synte seg vere ulike. Ola Larsson Rønningen [frå Øksendal] (…) vilde ha kornmagasinet nedlagt. Å bruke pengane til bygdeboksamling vilde han ikkje vere med på, «da han allereie var Eier af så mange bøker at han ikkje seer sig Tid til at læse i alle de han have, når han skal holde sig og Familien inden Døre».

(…) Ordføraren [Jørgen Dalsbø] sa seg samd i «Præstens ærværdige Forslag» um å taka noko av kornpengane til folkeboksamling. Men då vakna hine av karane! Dalsbø protokollera:

«Dog Almueboksamlingens Oprettelse blev så aldeles og eenstemmig modsagt at ikkje skulle opprette på den foreslåede måde, at Talaren [Dalsbø] maa næsten frafalde sin Mening».»

 

Folkeboksamlingar i nabokommunar

Slik gjekk det altso til at det tok enno fem år før «Almuebogsamling» vart oppretta for Sunndal prestegjeld. Surnadal hadde fått si folkeboksamling i 1838, medan det i Stangvik gjekk endå nokre år før dei fekk sitt soknebibliotek. Nabo på trøndersida, Oppdal, hadde derimot folkeboksamling allereie frå 1810.

 

Bibliotek i Sunndal på 1800-talet

Boksamlinga levde nok eit stille tilvære utover 1800-talet. Ho vart likevel etter kvart delt, slik at Sunndal, Øksendal og Ålvundeid fekk kvar sin del etter at dei vart eigne kommunar i 1854. Det kan ikkje ha vore so mange bøker på kvar avdeling denne fyrste tida.

 

Biblioteket i Sunndal på byrjinga av 1900-talet

Boksamlinga i Sundalen, Hov folkeboksamling, heldt hus hjå Ole Kårvand i Tigerstaden frå tidleg på 1900-tallet til krigen. Ole Kårvand betente òg biblioteket før 1934, då overtok John O. Aaker som bibliotekar.

I fylgje Seljedal i Romsdals Amt hadde Hov sokn i 1937 ei folkeboksamling på ca. 400 bind på Sunndalsøra. Budsjettet for 1936/37 var ca. kr 200. Like so hadde Romfo sokn ei boksamling på i alt 750 band, fordelt mellom Fahle, Musgjerd og Gjøra. Budsjetter var òg her for 1936/37 ca. kr 200.

 

Biblioteket under krigen

22. april 1940 vart Ole Kårvands hus med bibliotekrommet bomba, og bøkene, ca. 800 band, arkiv og inventar brann opp. Det einaste som vart redda var kassaboka og 350 band i bokkasser ved utlånsstasjonane oppover bygda.

Det vart søkt om erstatning til ein samla sum av kr 5.170. 24. juli fekk biblioteket ei krigserstatning på kr 4.022, og folkeboksamlinga vart opna att i eit rom i Øra skole i september 1941, der det heldt hus til ca. 1955. John Aaker betente biblioteket.

 

Biblioteket etter krigen

Frå Øra-skulen flytta Sunndal folkeboksamling i 1955 til Sunndal Sparebanks hus i Nordmørsvegen. I 1961 fekk biblioteket sitt eige hus i nytt tilbygg til Sunndalsøra Samfunnshus, i lokale som då vart sett på som eit mønsterbygg for bibliotekverksemd i Møre og Romsdal. Likevel gjekk det ikkje mange åra før dette òg vart for trongt. Allereie i 1966 vart det frå bibliotekhald lagt planer om utviding av lokale, men det skulle gå meir enn 20 år før dette vart realitet. Då vart dei gamle lokala rivne for å gjeve plass til nye og langt større lokale, det same som biblioteket nyttar i dag.

 

Folkebibliotek er demokrati i praksis

At Sunndal fekk folkeboksamling i 1843 var umåteleg viktig. Folkeopplysingstanken hadde funne grobotn, og biblioteket har sidan den gong utvikla seg til å verte premissleverandør for å fremje opplysing, utdanning og eit breitt spekter av kulturell verksemd. I biblioteka ligg ein fantastisk infrastruktur for at menneske kan finne kunnskap og sjølv vere med å skape han. Til dømes gjennom kunnskapsformidling, gratis utlån, folkeverkstader og digital opplæring syt biblioteket for at kulturen vert tilgjengeleg for folk flest. Biblioteklova seier at folkebibliotek skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. På biblioteket kan meiningar brytast, og det på ein nøytral møtestad. I ein digital kvardag er biblioteket framleis relevant og viktig. Ein stad å vere og ein stad å lære.

Folkebibliotek er demokrati praksis!

 

Skriven av Ingeborg Sæther, omarbeidd av Torgeir Brun