Brettspel på bibben

Illustrasjonsfoto til tilbodet brettspel på bibben - Klikk for stort bilde 

Er du ein ihugga brettspelentusiast? Likar du å konkurrere mot andre med terning, kort eller brikkar i hand? Sjekk ut brettspela til biblioteket!

Biblioteket har om lag 25 brett- og kortspel i ulike variantar, der alt frå strategi, familiespel og klassikarar er blant utvalet; mellom anna Ludo, bildelotto, Millionær, Risk, Ticket to Ride, Labyrinth, Uno og mange fleire.

Dette er eit lågterskeltilbod der ein kan møtest uforpliktande til morosame og utfordrande spel. Tak med ein ven eller kom åleine alle dagar biblioteket er ope.

Alle er velkomne og tilbodet er naturlegvis gratis!