Folkerøysting om målform Løykja og Ålvundeid

Kommunestyret vedtok i møte 8. mai å halde rådgjevande folkerøysting om målform i Løykja skulekrets og Ålvundfjord skulekrets, grunna krav frå høvesvis 204 og 205 røysteføre i kretsane.

Røystinga gjeld om nynorsk eller bokmål skal vere hovudmål for kretsane.

Røysterett

Røysterett har alle som bur i det området som soknar til skolen etter Opplæringslova §8-1, og som den 30. dagen før røystinga står innførte i folkeregisteret som busette i krinsen, og seinast i det året folkerøystinga blir halden, vil ha fylt 18 år.

Røysterett har også foreldre/forsørgjarar til born på barnetrinnet ved skolen, og foreldre/forsørgjarar som har barn som er innskrivne der for å starte i første klasse, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.

Her kan du røyste


Førehandsrøysting:

Ved servicekontoret på rådhuset frå måndag 12. august til fredag 6. september, mellom kl 0900 og 1500.

På valdagen 9. september:

  • Løykja skulekrets: Løykja skule, kl 1000–2000
  • Ålvundfjord skulekrets: Ålvundeid grendahus, kl 1000–2000

Ta med legitimasjon når du skal røyste.

Brevrøysting

Dersom du ønskjer å røyste pr. brev kan du ta kontakt med servicekontoret på telefon 71699000 for nærare informasjon og tilsending av røystemateriell.  Brevrøysterr må vere innkomne innan tirsdag 10. september kl 1700.

Ambulerande røysting:

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan førehandsrøyste ved servicekontoret i rådhuset, kan du be om å få røyste der du oppheld deg.  Førespurnad kan rettast til politisk sekretariat, telefon 71699000, innan 3. september.  Dersom du får høve til å røyste, kjem røystemottakarar heim til deg etter avtale og mottek førehandsrøysta.