Vil du være meddommar?

norges lover - Klikk for stort bildeSunndal kommune skal våren 2020 velje meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten for perioden 2021 –2024. Kommunen skal i tillegg foreslå skjønsmedlemmar som skal veljast av fylkesutvalet.

Meddommarar

Meddommarar eller lagrettemedlemmar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla ein til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføre vervet. Om du taper arbeidsforteneste blir det gjeve erstatning for det.

 

Skjønsmedlemmar

Skjønsmedlem er ei type sakkunnige meddommarar, som deltek både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten i rettslege skjøn og overskjøn. Det er ønskeleg at skjønsmedlem har kompetanse knytt til:

  • Ulike sider av verdifastsetting, bruk og drift av fast eigedom
  • Plan- og reguleringsprosessar
  • Bygg- og anleggsverksemd
  • Økonomi, revisjon og rekneskap

Meir informasjon om verva som meddommar og skjønsmedlem finn du her.

 

Kven kan bli meddommar?

Utvala skal ha ei allsidig samansetning, slik at det best mogleg representerer alle delar av befolkninga.

Du treng ikkje ha juridisk bakgrunn eller andre kvalifikasjoner for vervet, men domstollova stiller visse krav, mellom anna at du må:

  • være fylt 21 år, men ikkje være eldre enn 70 år
  • være folkeregisteret i kommunen og ha stemmerett
  • være norsk eller nordisk statsborgar, eller være folkeregisteret i Norge dei siste tre åra
  • ha tilstrekkelege norskkunnskapar
  • være lovlydig (ikkje straffedømt)

Meir informasjon finn du på domstolane si heimeside

Kven kan bli skjønsmedlem?

For skjønsmedlem gjeld same reglane som for meddommarar, med unnatak av at det ikkje er noko øvre aldersgrense.

 

Meld di interesse

Registrer deg her innan 1. april dersom du ønskjer å vere meddommar i Sunndal for perioden 2021-2024:

Skjema for registrering

Kontaktinformasjon

Sunndal kommune
E-post
Telefon 71 69 90 00

Betjent sentralbord: 09.00 - 15.00

Andrea Solbjørg Fivelstad
E-post
Mobil 906 80 597