Stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2021

Sunndal kommune syner til rundskriv 2020-43 frå Landbruksdirektoratet, der det går fram at kommunar og veterinærvaktdistrikt kan søkje om stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2021.

Kommunar som ønsker å søkje om stimuleringstilskot, må lyse ut ordninga og sette ein frist for å søkje.

Sunndal kommune har i dag ei fungerande veterinærvaktordning saman med Tingvoll kommune, t.o.m. 2022 i tråd med forskrifta. Det er difor ikkje aktuelt å innvilge søknadar om stimuleringstilskot til andre enn allerede godkjente veterinærar som er med i dagens vaktordning fram t.o.m. 2022.

Dei som no har avtale vil naturleg nok prioriterast midlar årleg fram t.o.m. 2022, nettopp for å kunne ha ei operativ veterinærdekning som tilfredsstiller krava til dette.

Sunndal kommune vil likevel informere om at ordninga finst, og lyse ut midlane, med det atterhald at eventuelle søknadar frå veterinærar som ikkje er med i dagens vaktordning i utgangspunktet vil bli avslått i 2021 og 2022.


Frist for søknad er 19. februar 2021.

Søknad kan sendast til post@sunndal.kommune.no

Kontaktinformasjon

Tore Rødseth Ulvund
rådgiver
E-post
Mobil 901 01 449

Åpningstider

Åpningstider mandag - fredag:

Rådhuset: 09.00–15.00 

Sentralbord/servicekontor: 09.00 - 15.00