Kunstuke med Bergljot

Veke 29

Måndag 19. juli–fredag 23. juli kl. 10.00–14.00

For 5.–7. klasse

10 deltakarar

Oppmøte i Levika, 6622 Ålvundfjord

Er du glad i å teikne? Den 19. – 23. juli (veke 29) kan du delta på teiknekurs i Ålvundfjord.

Vi brukar naturen som inspirasjon, og skal jobbe med ulike teikneteknikkar. Likar du best å teikne realistisk, eller tykkjer du fantasiteikning er spennande? Her skal vi utforske begge deler – og kanskje ein kombinasjon.

I det som tidlegare var fjøset i Levika, er det no eit stort, fint rom som vi skal få bruke til atelier denne veka. Om vergudane er snille, kan det også hende vi tek med teiknesakene utandørs.

Den første dagen startar vi med ein liten tur i skogen og til fjøresteinane. Der skal vi leite etter gamle røter, fine steinar, skjel, blomster og mykje anna fint og spennande som vi tek med tilbake til Levika.

Etter lunsj tek vi fatt på teiknearbeidet. Eg vil gi konkrete oppgåver, men det er også rom for å utforske eigne idéar.

Eg ordnar med alt nødvendig teikneutstyr, men det er også greitt om du vil ta med dine eigne teiknesaker.

Enkel lunsj vil bli servert kvar dag.

Oppmøte i Levika.

 

Vi sjåast!

Bergljot Hals