Løykja skole

Løykja skole er ein barneskole med 1. til 7. årssteg og skolefritidsordning. Skolen ligg på Grøa, åtte kilometer frå sentrum i retning Hoås.

Området rundt skolen ligg godt til rette for aktivitetar til alle årstider. Det er gravhaugar frå jarnalderen eit steinkast frå skolehusa, Philipshagen og bygdemuseet på Leikvin er i gangavstand, og elva Skorga renn forbi på veg frå dei bratte dalsidene og ned mot Driva.

Det er lysløype og og skileikeområde like ved, samt eit uteskoleområde med gapahukar, bålplass og hinderløype i skogen sør for skolen. Skoleplassen er opprusta dei seinare åra med en kunstgrasbane for ulike ballspel.

Skolen sin visjon:

"Læring og trivsel i sentrum!"

Skuleåret 2017/18 har skulen 68 elevar og 13 tilsette.
Opplæringsmålet er nynorsk.
Leder for FAU er Siw Kari Sandnes.

Skulestart og -slutt:
Måndag, tysdag og fredag 08.45 - 13.40 for alle årsstega
Onsdag 08.45 - 14.45 for alle årsstega
Torsdag 08.45 - 12.55 for 1. til 4. steg og 08.45 - 14.45 for 5. til 7.steg