FritakFritak frå aktivitetarOpplæringslova § 14-6. Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssynElevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei på same grunnlag opplever som krenkjande eller støytande. Ein kan ikkje krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag. Elevar som får fritak frå aktivitetar i opplæringa, skal ha anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald.Gudstenester i skoletidaSunndal kommune forheld seg til Utdanningsdirektoratets veileder om skolegudstjenester, og tilbyr likeverdig alternativ til dei som ikkje ynskjer å delta på skolegudsteneste. Fritak fra vurderingDei føresette sender søknad om fritak til rektor ved skolen.Elevar kan frå fritak frå vurdering med karater på følgjande grunnlag:§ 9-19.Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring§ 9-20.Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får innføringsopplæring§ 9-21.Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka§ 9-23.Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.Sjå også§ 9-18.Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter§ 9-24.Fritak frå eksamen Sist endret 03.12.2024 11:07