Tilskot til utsiktsrydding

Mjølkill med Vinnufjell bak - Klikk for stort bilde Tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap vart innført i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå nasjonalt hald fom 2016 til 2018.

I 2017 fekk Fylkesmannen 35 søknadar og løyvde 2,2 mill.

I 2018 fekk Møre og Romsdal tildelt 3 mill kr til utsiktsrydding, som vart lyst ut med søknadsfrist 15. mai.

Det er framleis ledige midlar, difor lyser fylkesmannen i Møre og Romsdal no ut tilskot til utsiktsrydding ein gong. Søknadsfristen var opprinneleg sett til 1. oktober, men det er åpent for å søkje så lenge det er midlar igjen.

Kven kan søkje?

Alle registrerte føretak kan søkje om tilskot. Det vil sei at både grunneigarar sine føretak, grunneigarlag, andre lag/organisasjonar, kommunar med fleire, kan søka om tilskot. Søkjaren må ha avtale med grunneigaren om gjennomføringa. Det kan gjevast inntil 70 % tilskot av godkjent ryddekostnad.

Kva strekningar kan godkjennast?

Tilskotet gjeld utsiktsrydding langs ferdselsårar, som vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt, som gjev auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Strekningane som skal ryddast, må vera tilgjengelege for ålmenta.

Les meir om tilskotsordninga og korleis du søkjer på fylkesmannen i Møre og Romsdal si heimeside.