Tidlegpensjon til jordbrukarar

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere til  nyrekrutering.

Kven kan få tidlegpensjon?

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få tidlegpensjon. Men det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Ein føreset også at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

Sjå fullstendig oversikt over kriteria m.m på Landbruksdirektoratet sine sider.

 

Korleis søkje?

For å få tidligpensjon må du sende søknad på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet (sjå under). Fylkesmannen eller landbruksforvaltninga i kommunen kan svare på spørsmål om ordninga, og sørge for skjema.

Søknaden sender du til fylkesmannen.

Skjema

Finn søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sine sider.

Kontaktinformasjon

Tore Rødseth Ulvund
rådgiver
E-post
Mobil 901 01 449
Kristin L. Andersson
jordbruksrådgiver
E-post
Mobil 900 82 677

Åpningstider

Mandag – fredag: 08.00–16.00 (15.00 sommer)

 

Sommer- og vintertid

Sommertid: 1. mai - 31. august

Vintertid: 1. september - 30. april

Adresse

Postadresse
Postboks 94, 6601 Sunndalsøra

Besøksadresse
Sunndal rådhus, Romsdalsvegen 2, Sunndalsøra