Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram (RMP) i Møre og Romsdal rettar seg mot aktive gardbrukarar som vil gjennomføre miljøretta aktivitetar i fylket, ut frå gitte kriterium.

Sjå nærmare informasjon om RMP på  Fylkesmannen si side. Her finn ein også fullstendig oversikt over alle tilskotsordningane i menyen til høgre på sida (under Dokumenter).  

Søknadsfristen er den 15. oktober. Det er kun elektronisk søknad på denne ordninga.

For søknadsrunden i 2019 er import-funksjonen (importer frå forrige søknadsrunde) deaktivert på grunn av omfattande endringar i RMP-tiltak nasjonalt. Denne blir skrudd på att i 2020, men det betyr at for søknader i 2019 må alle tiltak teiknast på nytt i kartet. Det er difor lurt å starte i god tid med søknaden (søknadsrunden åpna 1. august).

Kontaktinformasjon

Tore Rødseth Ulvund
rådgiver
E-post
Mobil 901 01 449

Åpningstider

Mandag–fredag: 08.00–16.00 (15.00 sommer)

Adresse

Postadresse
Postboks 94, 6601 Sunndalsøra

Besøksadresse
Sunndal rådhus, Romsdalsvegen 2, Sunndalsøra