Avløysartilskott

Avløysarordningane omfatter tilskot til avløysning ved ferie og fritid og tilskot til avløysning ved sykdom og fødsel mv. Ordningane vert regulert i henholdsvis «Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket» og «Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.» Tilskot kan gjevast for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysning i perioden det vert søkt tilskot for. Korleis tilskot skal bereknast går fram av Jordbruksavtalen.

Tilskot til avløysning ved ferie/fritid

 

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning som skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av arbeidskraft som blir leigd inn. Ordninga skal bidra til «et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp» (jf. forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1).

NB! Avløysar må være fylt 15 år.

Du kan få utbetalt avløysartilskot på bakgrunn av faktiske utgifter du har hatt til avløysing. Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut frå gjenomsnittet av tal dyr føretaket disponerer på teljedatoane 1. mars og 1. oktober. Føretaket må derfor registrere tal dyr det har hatt både 1. mars (frist for registrering er 15. mars) og 1. oktober (frist for registrering er 15. oktober) sjølv om det ikkje kan få husdyrtilskot for alle dyreslag.

For sau (født i fjor eller tidlegare) og ammegeit er det tal dyr som føretaket disponerer 1. mars, som blir lagt til grunn for tilskotsgrunnlaget.

For nokre dyreslag er det tal slakta dyr registrert i Leveransedatabasen hos Landbruksdirektoratet som blir lagt til grunn for avløysartilskotet (søknadsfrist 15. oktober). Dette gjeld:

  • konvensjonelle og økologiske slaktegriser med slaktevekt på minst 34 kg
  • konvensjonelle gjæser, kalkunar og ender
  • konvensjonelle og økologiske slaktekyllingar

For kyllingar og kalkunar selde som livdyr, er det tal selde livdyr i løpet av året som blir lagt til grunn (søknadsfrist 15. oktober). Livdyr av kylling og kalkun som er selde mellom 15. oktober og 31. desember, kan bli etterregistrert fram til 10. januar.

Du må ha eit tilskotsgrunnlag for avløysning som kan utløyse ei utbetaling på minst 5 000 kroner, for å ha rett på avløysartilskot.

Du kan søkje om avløysartilskot ved del 2 av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid (søknadsfrist 15. oktober). Søknadsskjemaet er felles for produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid. Du søker elektronisk via Landbruksdirektoratet sine nettsider eller via www.altinn.no.

 

Tilskot til avløsyning ved sykdom m.v

 

Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn.

Attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn kan få
tilskot i etterkant av bondens dødsfall.

Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing. Det er krav til bondens næringsinntekt frå jordbruk- eller gartneri. I tilskotet skal det gjerast frådrag for dei inntektene den avløyste hadde, eller kunne ha hatt, i søknadsperioden.

NB! Avløysar må være fylt 15 år.

Du søkjer tilskotet på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

Når du fyller ut søknaden vil du få melding om kva for dokumentasjon du må leggje ved. I søknaden kan du få ei førebels berekning av tilskotet.

Søknadsfristen er eit år etter siste dag i perioden du søkjer tilskot for.

 

Du kan gje avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det ordnast også inne på www.altinn.no. Snakk med dei først hvis det er aktuelt.

Kontaktinformasjon

Marit Hjellmo
Fagkonsulent jordbruk
E-post
Telefon 901 01 449
Mobil 901 01 449

Åpningstider

Sommer (fra 1. mai - 30. august):

Mandag -fredag: 08.00 - 15.00

Vinter (fra 1. september - 30. april):

Mandag - fredag: 08.00 -16.00

Adresse

Postadresse
Postboks 94, 6601 Sunndalsøra

Besøksadresse
Sunndal rådhus, Romsdalsvegen 2, Sunndalsøra