Beredskapsgruppe for landbruk

 

Beredskapsgruppe landbruk er ei ressursgruppe for landbruksnæringa og lokalsamfunnet i tilfelle kriser. Eksempel på kriser i landbruket og samfunnet elles kan væra sjukdom, personleg krise, brann, skogbrann, flaum, ras, tørke, spreiing av smittsam plante- og dyresjukdom.

Utfallet av ei hending som kan skje, eller har skjedd, kan bli betre om landbruksnæringa samhandlar. Beredskapsgruppe landbruk i Sunndal skal legge til rette for at slik samhandling kan skje.

Samansetning av beredskapsgruppa

Beredskapsgruppa for landbruket i Sunndal er samansett av representantar frå faglaga i landbruket og andre aktørar som naturleg er knytt til næringa og frå kommunen. Alle medlemmane i beredskapsgruppa kan ta initiativ til å kalle gruppa saman.

Gruppa blir leia av Sunndal bondelag, eller av Sunndal Sau og Geit.
Sunndal kommune har sekreretariatsfunksjon.

Der finn du oversikt over kven som er med i gruppa i retningslinjene under.

Retningslinjer

Gruppa vart danna 8. april 2020.

Sjå retningslinjer for beredskapsgruppe for landbruk i Sunndal kommune (PDF, 520 kB).

Møtereferat

Oversikt over referat frå møte i beredskapsgruppa:

Referat frå møte 08.04.20 (PDF, 726 kB)