Tinge frå andre bibliotek

Har du lånekort kan du tinge bøker og anna materiale heilt sjølv. Materialet blir sendt til biblioteket og du får hentemelding når det kan hentast. Du kan tinge frå alle folkebibliotek i Noreg.

Under kan du finne ulike veger inn til dei nasjonale bokhyllene.

Biblioteket: Tinge frå andre bibliotek

Biblioteksøk

Klikk for stort bildeLån frå alle biblioteka i landet via biblioteksok.no 

Biblioteksøk skal gjeve éin inngang til norske bibliotekkatalogar, høve til å låne litteratur frå alle norske folkebibliotek, og gjeve direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. Biblioteksøk bidreg til å jamne ut forskjellar mellom norske bibliotek, og gjev alle innbyggarar same tilgang til litteratur, uavhengig av storleiken på biblioteket i kommunen dei bur i.

I biblioteksøk kan du finne bøker, men òg anna materiale som lydbøker, film osb. vil vere med. I Biblioteksøk vil du ikkje kunne finne enkeltartiklar eller deler av bøker eller tidsskrift.

Alle kan nytte Biblioteksøk til søking. Lånarar med Nasjonalt lånekort som nyttar hentebibliotek som er knytt til Biblioteksøk, kan òg nytte tenesta til å tinge bøker.

Oria

Oria er Nasjonalbiblioteket sin katalog over trykte og digitale samlingar. Søket kan utvidast til å omfatte norske fagbibliotek.

Eksemplar merka Depotbiblioteket er fjernlånseksemplar. Privatpersonar kan be sitt lokale bibliotek om å tinge fjernlån for seg. Samlinga til Depotbiblioteket er òg tilgjengeleg for lånarar med Nasjonalt lånekort i Biblioteksøk.

Det fleirspråklege bibliotek

Det flerspråklige bibliotek (DFB) skal vere eit støtteapparat for alle landets bibliotek, så dei er i stand til å hjelpe brukarar på det fleirkulturelle feltet på ein effektiv måte.

Som privatperson har du tilgang til alle DFB sine samlingar via ditt lokale bibliotek. Biblioteket kan tinge titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Om du har Nasjonalt lånekort kan du sjølv tinge titlar gjennom søket til DFB og få dei tilsendt til ditt bibliotek. Treng du rettleiing kan ditt lokale bibliotek hjelpe deg.

 

Det flerspråklige bibliotek har tre hovudfunksjonar:

  • Innkjøps- og katalogavdeling for litteratur og andre medium på mange språk.
  • Nasjonal fjernlånssentral for litteratur og medium på andre språk enn norsk.
  • Gjeve rettleiing om bibliotektenester til eit fleirkulturelt norsk samfunn.
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) arbeider for at alle skal ha lik tilgang til litteratur og informasjon. NLB er eit statleg bibliotek under Kulturdepartementet. Tilbodet er gratis og landsdekkande.

 

Tilbodet

NLB produserer og låner ut lydbøker og bøker i punktskrift. Dei har bøker for både born og vaksne. Tilbodet omfattar òg studielitteratur for studentar ved universitet, høgskule og fagskule. NLB samarbeider nasjonalt og internasjonalt med andre produsentar av tilrettelagt litteratur.

 

Oppdraget

NLB skal bidrage til at menneske med funksjonsnedsetjing som gjer det vanskeleg å lese trykt tekst, kan deltake i samfunnet på linje med andre.

Kontaktinformasjon

Biblioteket
E-post
Telefon 901 35 785