Elev, barnehage og skole

Biblioteket har fleire tilbod til deg som anten er elev eller deg som jobbar i barnehage eller skule. Vi hjelper gjerne til med fordjupningsoppgåver, held motiverande føredrag om leselyst og formidling, les høgt frå aktuelle bøker og mykje meir.

Utforsk vala under for ulike tilbod.

Biblioteket: Elev, barnehage og skole

Skrive fordjupingsoppgåve

Klikk for stort bildeDeichman har mange gode tips til fordjupingsoppgåva. Finn lenkje i teksten under.  

 

Skal du skrive fordjupningsoppgåve? Då er biblioteket staden for deg. Kom innom, slå av ein prat om tema og tips. Vi tilsette hjelper deg gjerne med å finne bøkene du har lyst til å fordjupe deg i.

 

Treng du litt inspirasjon på førehand?

På Temasidene til Deichman finn du gode tips og triks for temaval, bokval, sekundærlitteratur og generelle skrivetips.

 

Vitjing til og av biblioteket

Sunndal folkebibliotek tek gjerne imot vitjing frå elevar og heile klasser som skal skrive fordjupningsoppgåve. Vi kan òg vitje skulen og fortelje om relevante bøker og lese- og skriveprosessen. Tak kontakt for meir informasjon og nærmare avtale.

Barnehagevitjing

Klikk for stort bildeAlle barnehagar i kommunen kan vitje biblioteket, anten for å leite i samlinga sjølve eller til formidlingsstund. 

Mange av barnehagane i Sunndal kommune brukar allereie biblioteket. Det tykkjer vi er fantastisk. Vi vonar at fleire av dykk skal oppdage oss og kome på bibliotekvitjing med borna. Vi ynskjer å vere ein arena der borna kan få gode opplevingar i møte med bøkene, og introdusere dei for magien som finst i bøker. Tidleg språk- og lesetrening for barnehagebarn er både viktig og morosamt.

 

Godt utval

Barnehagar er alltid velkomne til biblioteket innanfor opningstidene til biblioteket. Vi har eit godt utval biletbøker, ein både kan kose seg med og lære av. I tillegg har vi lagt til rette for dei som ynskjer teikne eller leike med dyrefigurar.

 

Førebuing

For at borna skal få best mogleg utbytte av ei vitjing til biblioteket, er det fint dersom dei er førebudd på kva dei møter når dei kjem hit. Tak gjerne ein prat i barnehagen om at det på biblioteket er mange bøker dei kan sjå i, og eventuelt låne med til barnehagen. Forklar borna at bøker ikkje er leiketøy og fylg opp dette når de kjem til oss.

 

Lånekort og lånetid

Alle barnehagar og eventuelt dei ulike avdelingane kan få eige lånekort. Det er viktig at vi får informasjon om korrekt kontaktperson og e-postadresse.

 

Lesestund

Vi organiserer gjerne til ei lesestund for dykk til vitjinga. Tak kontakt for å avtale dette nærmare. Vi kan tilpasse tekst og tema etter ynske.

 

Vi gler oss til å sjå dykk på biblioteket. Velkomen!

Klassevitjing

Klikk for stort bildeTreng klassen din tips om ferske barne- og ungdomsbøker? Då kan de ta med klassen på vitjing eller inviter ein bibliotekar til skulen. 

Treng klassen din tips om ferske barne- og ungdomsbøker? Har de lyst til å bli kjent med kva vi har på biblioteket? Tak med klassen din på vitjing!

 

Barneskulane

Barneskulane får tilsendt invitasjon om klassevitjing til biblioteket. Tilbodet går spesielt ut til 2. klasse, men dei andre klassetrinna er òg velkomne. Det viktigaste ved klassevitjinga vil vere formidling av eit utval nye bøker som vi vil anbefale. I tillegg får elevane ein kort presentasjon av biblioteket og kva dei kan låne, samt informasjon om lånekort og reglar. Deretter får dei utforskje hyllene og låne med seg det dei vil ha. Vi ser helst at klasser vitjar biblioteket tidleg på dagen, men viss den tida ikkje høver, strekk vi oss langt for å finne ei anna tid.

 

Ungdomsskulen

Ungdomsskuleelevane i 8. klasse får tilsendt invitasjon om å vitje bibliotek. Dei andre klassetrinne er likevel òg velkomne til å vitje biblioteket. Vi ynskjer å dele den gode lesaropplevinga og talar gjerne varmt om bøkene våre. Vi tykkjer det er viktig at dei unge held på lesegleda, òg i ein kvardag der mykje anna skjer.

 

Vidaregåande

Vi tek gjerne imot klassar på biblioteket eller vitjar gjerne vidaregåande skule i høve fordjupningsoppgåve eller for å fortelje om nye og klassiske bøker. Vi tilpassar opplegga etter ynske og nivå.

 

Vitjinga

For alle vitjingar vil vi gjeve informasjon om biblioteket sine tilbod og tenester – og dei som ikkje er registrert som lånarar får høve til å gjere det. Det bør setjast av minst éin klokketime til vitjinga.

 

Vitjing til skulane og på foreldremøte

Skulane kan få vitjing av ein av dei tilsette der vi fortel om tilboda til biblioteket, om leselyst og mykje meir. Dette kan vi gjere for ein klasse/ei gruppe, for tilsette eller til dømes på eit foreldremøte. Tak kontakt med oss for å gjere avtale om ei slik vitjing.

Bokkasse og klassesett

Klikk for stort bildeBiblioteket kan ordne både bokkasse med ulike bøker og heile klassesett til skuleklassen eller barnehagen. 

Bokkasse

Treng du ei bokkasse til å ha i klasserommet eller i barnehagen? Tak kontakt med oss, so plukkar vi ut og registrerer bøkene til dykk. For at vi skal kunne setje saman ei god bokkasse må vi vete:

  • Talet på elevar/born i klassen/gruppa eller talet på bøker de vil låne
  • Til kva aldersgruppe bøkene er meint for
  • Gjerne vanskegrad, til dømes lettlesne bøker eller tilpassa på andre vis
  • Eventuelt særskilde titlar, forfattarar, emne eller materialtypar (til dømes lydbøker)

 

Klassesett

Viss heile klassen skal lese same bok, kan du tinge klassesett. Sunndal folkebibliotek har ikkje klassesett sjølv, men kan tinge frå andre bibliotek. Tak kontakt for å høyre om aktuelle titlar er tilgjengeleg.

Kontaktinformasjon

Torgeir Brun
Barne- og ungdomskonsulent
E-post
Telefon 480 05 309