Digitale tilbod

Det finst mange digitale tilbod knytt til biblioteket. Mellom anna kan du finne litteraturinspirasjon, lese fritt tilgjengelege bøker på norsk og andre språk samt lese aviser og tidskrift frå heile verda. Du kan lese ebøker og lytte til elydbøker, eller du kan sjå og strøyme film med lånekortet ditt.

Nettbiblioteket

Nasjonalbiblioteket digitaliserer systematisk heile samlinga si. I nettbiblioteket kan du søkje i fulltekst i bøker, aviser, bilete og tidsskrift.

Materiale som ikkje er verna av opphavsretten blir gjort tilgjengeleg for alle på internett. Der Nasjonalbiblioteket har avtalar med opphavsrettshavarar får brukarar med norske IP-adresser tilgang til materiale som er verna av opphavsretten.

Heile den digitale samlinga er tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon i Nasjonalbiblioteket sine lokale.

Ver merksam på at det ikkje er mogleg å tinge materiale i nettbiblioteket, berre søkje og lese.

Nasjonalbiblioteket er ikkje ferdig med å digitalisere alt, so det vil vere mykje du ikkje får treff på i nettbiblioteket. Ei meir fullstendig oversikt over samlinga får du i Oria.

Nasjonalbibliotekets videoarkiv

Nasjonalbiblioteket sitt videoarkiv finn du over hundre videoar av arrangement, fagseminar og videoreportasjar.

Mykje av det same innhaldet pluss litt meir finn du i deira Historier fra samlingen.

ebøker

Klikk for stort bildeMed BookBites kan du låne ebøker og elydbøker.  

Lån ei bok der du er!

Bruk BookBites til å låne ebøker og elydbøker gratis frå biblioteket. Appen er laga for å gje deg gode lese- og lytteopplevingar.

 

Slik låner du ebøker i BookBites:

  1. Last ned appen Bookbites på nettbrett eller mobil. Appen finst både på IOS og for Android
  2. Opprett ny brukar
  3. Legg inn lånekortnummer og pin-kode
  4. Vel bibliotek
  5. Lån bøker og god lesnad.

Står du fast? Treng du hjelp? Her kan du finne rettleiingsbrosjyre.

Verdensbiblioteket

Klikk for stort bildeFinn ebøker og lydbøker på fleire språk via verdensbiblioteket.no. 

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk, som er tilgjengeleg for strøyming gjennom tenesta.

 

Fri og uavgrensa strøyming

Du kan strøyme so mykje du vil frå Verdensbiblioteket. Det er inga avgrensingar for kor mykje du kan bruke tenesta.

 

Kven har tilgang?

Verdensbiblioteket.no er ope for alle i Noreg. Du kan vitje sida får ei norsk IP-adresse, og må opprette ein brukar og logge inn for å få tilgang til innhaldet.

Å opprette ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse.

 

Språka i Verdensbiblioteket

Det finst e-bøker og lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i Verdensbiblioteket. Desse språka er vald fordi dei elles er vanskeleg for folkebiblioteka å kjøpe inn e-bøker på.

 

Kven står bak Verdensbiblioteket.no?

Verdensbiblioteket er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Noreg, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Verdensbiblioteket vert drive i fellesskap av dei skandinaviske nasjonalbiblioteka. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for Verdensbiblioteket.no.

 

Kvar finn eg vanlege bøker/andre språk?

For informasjon om Nasjonalbiblioteke sine andre tilbod på innvandrarspråk, sjå Det flerspråklige bibliotek.

PressReader

Klikk for stort bildePressReader gjev deg tilgang til tusenvis av aviser og tidsskrift frå heile verda. På biblioteket får du gratis tilgang. 

Aviser og tidsskrift frå mesta alle land i verda. På Sunndal folkebibliotek får du gratis tilgang!

PressReader gjev deg tilgang til 7.600 aviser og tidsskrift på meir enn 60 språk. Der finn du nett no ca. 70 norske aviser og tidsskrift, mellom anna Aftenposten og Dagbladet samt mange lokalaviser. I tillegg er det eit godt utval av ulike publikasjonar på alle dei nordiske språka.

Les og last ned på nettbrett og smarttelefon og tak med deg heim i inntil 48 timar. Om du loggar deg på nettverket når du vitjar bibliotek i Møre og Romsdal, kan du halde fram å lese magasin i to dagar etter siste bibliotekvitjing. Les du på andre språk enn norsk, kan du finne eit mangfald av internasjonale publikasjonar å lese.

 

Slik brukar du PressReader:

1. Gå inn på nesstaden til PressReader eller last ned appen frå Google PlayAppStore eller Windows. Du treng ikkje registrere brukar.

2. For å få tilgang må du opne appen eller nettstaden i lokala til biblioteket og opne ynskt avis eller tidsskrift.

3. Tilgangen varar i 48 timar etter at du forlét biblioteket. Deretter må du attende til biblioteket for å fornye tilgangen. Du kan til ei kvar tid lese publikasjonane du har lasta ned.

Filmbib

Klikk for stort bildeMed Nasjonalt lånekort får du tilgang til mange kort- og dokumentarfilmar i strøymetenesta Filmbib. 

Alle med Nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib. Du loggar deg inn med lånekortnummer og pin-kode som du får på biblioteket. Alle filmane du finn her er kjøpt inn gjennom den nasjonale innkjøpsordninga for film. Ordninga blir administrert av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet og er oppretta for å bidrage til breidde og kvalitet i filmtilbodet, for vaksne og born, og stimulere filmkulturen i Noreg.

 

Korleis fungerer Filmbib?

Du får gratis tilgang med Nasjonalt lånekort. Du loggar på med ditt lånekortnummer og pin-kode som du får frå ditt bibliotek. Filmbib er òg tilgjengeleg på mobile einingar. Last gjerne ned Filmbib som app til IOS eller Android.

 

Kva for filmar finn du i Filmbib?

Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men òg fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ei unik samling av filmar for både born og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er òg historisk interessante, engasjerande og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir.

Sjå innom Filmbib ofte – det blir stadig lagt filmar til i tenesta.

 

Les meir om vilkår for bruk.

Filmoteket

Klikk for stort bildeFilmoteket er biblioteka si eiga strøymeteneste for film. 

Filmoteket er biblioteka si eiga strøymeteneste for film. Her finn ein eit breitt og allsidig utval film av høg kvalitet. Eit filmbod som er tilgjengeleg når som helst og kor som helst!

Som registrert lånar hjå biblioteket får du tilgang til tenesta på www.filmoteket.no. Du kan velje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar som høver til både barn, ungdom, familiar, vaksne og eldre. Spennet er mellom klassikar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og sokalla blokbustere til smalare filmar i arthaus/independent-kategorien.

Du nyttar ditt nasjonale lånekort med tilknytt pin-kode for å låne film, og har tilgang til filmen i 48 timar etter utlån. Tilgangen har du på alle plattformar.

Biblioteket avgrensar kor mange filmar du kan låne per månad. Nett no kan du låne filmar per månad. Denne grensa kan endre seg viss naudsynt.

Vi ynskjer deg ei god filmoppleving!

Boksøk

Klikk for stort bildeBoksøk hjelper deg å finne boka som høver til deg. 

Det er mange årsakar til at bøker kan vere tunge å lese. Boksøk hjelper deg å finne boka som passar deg. Boksøk er ein kvalitetssikra søkjeteneste med bøker som på ulike måtar passar for alle som les i motvind.

Organisasjonen Leser søker bok les og vurderer det meste som blir gjeve ut på det norske bokmarkedet. Bøkene i boksøk blir vurdert ut i frå eit sett med kriterium.

 

Litt å lese

I kategorien Litt å lese finn du tynne bøker med enklare språk. Desse bøkene skal gjeve ei god leseoppleving.

Språket er enkelt med korte setningar med kjente ord, utan alt for mange ukjende ordsamansettingar. Det er korte kapittel og mange avsnitt. Bøker har god skriftstorleik, mykje luft på sidene og ofte ei medviten linjedeling.

Litt å lese-kategorien finn du både skjønnlitteratur, faglitteratur og teikneseriar. Det er bøker både for vaksne, ungdom og born.

 

Enkelt innhald

I kategorien Enkelt innhald finn du bøker med ein klar handlingstråd, eit avgrensa persongalleri og eit enkelt språk. Teksten seier det som det er, lesaren treng ikkje tolke og lese mellom linjene.

 

Fleire kategoriar

Bøkene i dei andre kategoriane er tilpassa lesarar med ulike utfordringar. Du kan lese meir om korleis bøkene er gjort tilgjengelige ved å trykkje på dei ulike kategoriane i menyen på heimesida til Boksøk.

Det finst òg ein kategori som heiter Ny i Norge. Her finn du bøker som eignar seg godt for alle som vil lære seg norsk.

Kontaktinformasjon

Biblioteket
E-post
Telefon 901 35 785