Arkivmateriale

Arkivmateriale frå lag, foreiningar og privatpersonar – registrering og forvaring

Mykje privat arkivmateriale er spreidd rundt og oppbevart på ymse, ikkje serleg sikre måtar. Sunndal folkebibliotek og Sunndal bygdemuseum har eit samarbeid om å samle, registrere og syte for trygg forvaring av slikt materiale.

Privat arkivmateriale som til dømes møteprotokollar, foreiningsarkiv, privatpersonars arkiv o.l., kan leverast inn til Sunndal folkebibliotek. Her blir det registrert i katalogen til biblioteket, og sendt til brannsikker oppbevaring på Sunndal bygdemuseum.

Dette er ei ordning som sikrar at materiale som elles kunne forsvinne, blir tatt vare på og er tilgjengeleg for ettertida – i staden for at protokollar og andre dokument vandrar mellom personar i styreverv i ymse foreiningar.

Ordninga har eksistert sidan 1996. Sunndal folkebibliotek kan på førespurnad ta ut ei liste over dei arkiv som til no er registrert og lagra på Leikvin.

Materiale kan altso leverast til Sunndal folkebibliotek, som tek seg av resten.

Kontaktinformasjon

Lina Engelsrud
Biblioteksjef
E-post
Telefon 930 35 070