Lån og lånekort

Det er gratis og enkelt å få lånekort.

Alle som bur i Noreg og er over 15 år, kan få Nasjonalt lånekort som kan nyttast ved bibliotek i heile landet. Lånarar utan norsk ID-nummer, og born mellom 6–14 år kan få lokalt lånekort. Same gjeld for skular, barnehagar og institusjonar som vert registrert med namn på institusjonen og ansvarsperson.

Biblioteket: Lån og lånekort

Korleis får eg lånekort?

Lånekortskjema

Tak med gyldig legitimasjon og du får eit lånekort gratis på biblioteket. Ver god og meld frå viss du har vore registrert tidlegare. Viss du er under 15 år, må føresette fylle ut lånekortskjema for at du skal få lånekort. Skjemaet kan du hente på biblioteket.

Meld alltid frå viss du endrar namn, adresse, telefonnummer eller e-postadresse.

 

Lånekortet

Ha alltid med lånekort når du skal bruke biblioteket. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på kortet ditt. Viss du mistar kortet, kostar eit nytt kr 25.

Det er enkelt å leggje inn lånekortet ditt på mobilen. Logg inn og lagre sida på startskjermen på mobilen. Du kan bruke mobilt lånekort på dei sjølvbetente utlånsautomatane.

 

Har du allereie nasjonalt lånekort?

Viss du har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du bruke det hjå oss. Tak med deg lånekortet og legitimasjon, så aktiverer vi kortet i skranken.

 

Ulike typar lånekort

 

Felles lånekort (Nasjonalt lånekort)

Dette er eit landsdekkjande lånekort som du kan nytte ved dei fleste norske biblioteket. Lånekortet kan berre skrivast ut til enkeltpersoner og ikkje til dømes skular og institusjonar. Kortet må registrerast før fyrstegongsbruk i dei biblioteka du skal bruke, ved personleg oppmøte. Du må oppgjeve personnummer for å få Felles lånekort.

 

Digitalt nasjonalt lånekort

Kortet fungerer som eit vanleg nasjonalt lånekort. Du kan registrere kortet sjølv via sida nb.bib.no, og bruke kortet digitalt i alle høve.

 

Lokalt kort

Dette kortet kan berre nyttast ved Sunndal folkebibliotek. Lokalt kort vil ha nokre avgrensingar for bruk av somme digitale tenester. Her treng ein ikkje oppgjeve personnummer.

 

Institusjonskort

Dette kortet kan berre nyttast ved Sunndal folkebibliotek. Kortet er ikkje til personleg bruk, men knytt til din arbeidsstad, som til dømes skule, barnehage eller sjukeheim, og skal berre nyttast i slike høve.

Kva er digitalt nasjonalt lånekort?

Nasjonalbiblioteket og Bibliotek-Systemer As har lansert digitalt nasjonalt lånekort.

Korter er eit fullverdig nasjonalt lånekort som lånarar utan nasjonalt lånekort frå før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no.

Tenesta krev at du identifiserer deg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID m.fl.) fyrste gong du registrerer eit nasjonalt lånekort, eller du kan logge inn på vanleg måte viss du har nasjonalt lånekort frå før.

Som digital nasjonal lånar har du tilgang til nasjonale bibliotektenester som til dømes Filmbib. For å få tilgang til lokale tenester ved Sunndal folkebibliotek, ta kontakt.

Korleis får eg lånekort på mobil?

Du kan relativt lettvint og enkelt bruke biblioteket på mobil eller nettbrett ved hjelp av webapp-en vår. Då kan du reservere, fornye, søkje i bibliotekdatabasen, sende melding til biblioteket og mykje meir.

 

  1. Gå til Meg & Mitt tilpassa mobile plattformar.
  2. Legg nettstaden du kjem til på startskjermen.
  3. Logg inn med lånenummer eller registrert e-postadresse og pin-kode

 

Problem med å logge inn?

Sjekk at du har skrive e-postadresse eller lånenummer riktig. Tak kontakt med biblioteket viss du framleis ikkje får tilgang.

 

Nasjonal digitalt lånekort – med app!

Last ned appen Bibliofil frå Google Play eller App Store for å få ditt nasjonale lånekort på mobil. Logg inn med lånekort og pinkode eller ved hjelp av ID-porten.

Korleis loggar eg inn i Meg & Mitt?

Logg inn på Meg & Mitt med nummeret på lånekortet eller med den e-postadressa du har registrert hjå biblioteket.

Lånenummeret finner du under strekkoden. Den startar med bokstaven N og held fram med tal, til dømes N00123456.

Pin-koden er den same som du nyttar når du låner. Har du gløymd kan du tinge ny kode og få han tilsendt på e-post.

 

Problem med å logge inn?

Sjekk at du har skrive e-postadresse eller lånenummer riktig. Tak kontakt med biblioteket viss du framleis ikkje får tilgang.

Korleis reserverer eg?

Logg inn på Meg & Mitt med lånekortnummer og pin-kode. Søk opp det du vil låne på nettstaden til biblioteket, anten via datamaskin eller mobil. Klikk på den aktuelle tittelen og vel «Reserver». Du kan sjå om materiale er ledig på hylla eller utlånt. Nyare titlar er det ofte venteliste på.

Du kan òg reservere når du vitjar biblioteket ved å take kontakt med dei tilsette.

Du får varsel når du kan hente lånematerialet på biblioteket, per e-post eller SMS. Måten du blir kontakta på kan du avgjere sjølv på Meg & Mitt.

 

Er det noko vi ikkje har?

Med Nasjonalt lånekort kan du låne bøker frå andre bibliotek og få dei tilsendt til Sunndal folkebibliotek.

Eg har fått hentemelding. Kva gjer eg?

Når du får varsel om at du har bøker eller anna utlånsmateriale til henting, får du eit hentenummer med ein kode, til dømes: 2019-261.

Det fyrste talet er årstalet. Det andre taler syner rekkefylgja under årstalet, og hylla er sortert etter dette. Viss du ikkje kjem i hug hentenummeret, kan du slå det opp på automaten ved å trykkje «Til henting» eller sjå det i Meg & Mitt.

Finn riktig nummer, og lån deretter materialet i utlånsautomatane med lånekortet ditt.

Korleis låner eg?
  • På utlånsautomatane trykkjer du «Utlån» på skjermen.
  • Skann lånekortet eller mobilen din under det raude lyset til høgre.
  • Tast pin-kode.
  • Legg det du vil låne ned på plata i midten framfor deg, og det blir registrert automatisk. Du kan leggje opptil 5 bøker på plata samstundes, men for lydbøker råder vi til å legge på éi og éi om gongen.
  • Sjekk på skjermen at alt du vil låne er registrert som utlånt. Her står òg innleveringsfrist.
  • Avslutt med eller utan kvittering ved å trykkje nede til høyre på skjermen. Har du registrert e-postadresse hjå oss, kan du få kvittering på e-post.
Kor lenge kan eg låne?

Lånetid for bøker og lydbøker er 4 veker.

Lånetid for filmar, spel og tidsskrift er 2 veker.

For fjernlån frå andre bibliotektek gjeld eigarbiblioteket sine fristar.

Korleis forlengar eg låna mine?

Lån kan du forlenge inntil 3 gongar maksimal lånetid, dersom materialet ikkje er reservert til andre. Logg inn på Meg & Mitt, klikk på mine lån og vel «Forny». Ny dato vil synast om det er mogleg å forlenge.

På utlånsautomatane kan du trykkje «Staus» for å forlenge nokre av låna dine, eller du kan velje «Forleng alle» for å forlenge alle lån. Forlenging er ikkje mogleg viss materialet er reservert til andre eller materialet er lånt inn frå eit anna bibliotek.

Du kan òg forlenge når du vitjar biblioteket ved å take kontakt med dei tilsette.

Korleis leverer eg?

Du leverer på automatane. Vel «Retur» og fylg instruksjonar for kor du skal leggje boka – anten i tralla eller i kassa ved skranken når du leverer fjernlån, lydbøker, filmar og materiale som er reservert av andre. Du kan velje om du vil ha kvittering på innleveringen.

Når biblioteket er stengt, kan du levere i returkasse på Sunndal kulturhus. Her leverer du på eige ansvar.

Du kan levere attende på eit anna bibliotek enn der du lånte. Vi returnerer også til andre bibliotek utanom Sunndal folkebibliotek.

Kva gjer eg ved for sein innlevering?

Du er sjølv ansvarleg for at levere det du har lånt innan fristen. Om du har registrert e-postadresse eller mobilnummer, vil du få varsel fire dagar før forfallsdag. Du kan forlenge lånetida om det ikkje er nokon som ventar på det du har lånt.

Vi sender ut purringar per SMS eller e-post 714 og 21 dagar etter forfallsdag. Ein får ikkje purregebyr.

Rekning med inkassovarsel blir sendt 28 dagar etter forfallsdag. Det er viktig at du varslar oss viss du leverer attende materiale du har motteke rekning for, slik at vi kan slette fakturaen.

Kva gjer eg ved tap og skadar?

Bøker, filmar, CD-ar og anna materiale som blir skada, må erstattast. Det er biblioteket som vurderer og avgjer når erstatning er naudsynt. Blir du merksam på at noko av materialet til biblioteket er skada, ber vi deg venlegast varsku før du låner.

Om du har fått krav om erstatning frå Sunndal kommune kan du ikkje kjøpe til nytt materiale. Då må du betale fakturaen. Men om du framleis har materialet tilgjengeleg, kan du levere det på biblioteket for å unngå å måtte betale rekninga. Dette må du gjøre innan 30 dagar frå rekninga vart sendt. Om det har gått lengre tid må kvar sak vurderast individuelt.

Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter innkjøpspris. Erstatningskrav knytt til fjernlån er etter eigarbiblioteket sine satsar. Du kan betale erstatning med Vipps i biblioteket eller du kan få tilsendt faktura, men då mot tilleggsgebyr.

Er det aldersgrenser på film og spel?

Film og spel lånt ved biblioteket er til privat bruk. Aldersgrense for lån av film fylgjer tilrådd aldersgrense. Ynskjer born å låne film med aldersgrense over eigen alder, vil dei bli avvist på utlånsautomatane og av tilsette. Dei kan berre låne ved føresette sin tillating over skranken.

Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på avspelingsutstyr. 

Korleis skal eg oppføre meg på biblioteket?

For Sunndal folkebibliotek gjeld fylgjande ordensreglar:

 

Biblioteket er ein stad for alle innbyggarar – store som små. Det er eit mål at alle skal trivst og føle seg trygge når dei vitjar Sunndal folkebibliotek.

Alle vitjarar må rette seg etter utlånsreglane og ordensreglane til biblioteket, samt alminnelege reglar for god åtferd. Vi forventar at alle tek omsyn til andre vitjarar og til tilsette.

Bøker og anna materiale, møblar og utstyr skal handsamast med varsemd. Blir du merksam på at noko av materialet til biblioteket er skada, ber vi deg venleg varsku før du låner.

Mat og drikke er berre tillate viss det ikkje er til sjenanse for andre brukarar av biblioteket. Rydd etter deg og venlegast kast søppel i oppsette søppelkasser.

Born under 10 år bør vere i fylgje med vaksne når dei er på biblioteket. Det er føresette sit ansvar at borna fylgjer reglane til biblioteket.

Førarhund er tillate på biblioteket. Andre dyr har ikkje tilgjenge. Syklar, rullebrett, rulleskeiser og liknande er ikkje tillate.

Bruk av mobiltelefonar eller PC med høg lyd bør leggjast til område der det ikkje er til sjenanse for andre.

 

Bortvising frå Sunndal folkebibliotek vil skje i fylgjande tilfelle:

  • Synleg rusa personar, eller personar som brukar rusmiddel i lokala
  • Personar som er til sjenanse pga. bråk, eller opptrer aggressivt eller truande mot andre vitjarar eller dei tilsette
  • Personar som vert teken i å gjere hærverk eller annan kriminell verksemd

Bortvising gjeld mellombels i den aktuelle situasjonen. Grove og gjentekne brot på ordensreglane kan medføre utvisning i minst éin månad og blir eventuelt meldt til politiet.

 

I tillegg gjeld «Politivedtekt for Sunndal kommune».

Kva gjer biblioteket med personopplysningane mine?

Sunndal folkebibliotek handsamar personopplysningar i samsvar med personopplysningsloven og GDPR – EUs personvernforordning.

Biblioteket treng opplysningar om namn, adresser, telefonnummer og e-postadresser for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til brukarane våre. Samtykke til å take vare på slike opplysningar blir gjeve når ein registrerer seg som lånar hjå oss.

Opplysningane som blir registrert i datasystemet til biblioteket blir ikkje nytta til andre føremål enn å administrere utlån og fjernlån. Vi samlar òg statistikk over bruken av biblioteket, men statistikken er generell og ikkje knytt til einskildpersonar.

Personnummer trengst for å unngå dobbeltregistreringar i det nasjonale lånarregisteret. Lånaren kan velje å vere registrert som lokal lånar, då treng ein ikkje oppgjeve personnummer.

Dei tilsette på biblioteket har teieplikt, og gjev ikkje informasjon om lånarar eller kva dei låner til uvedkomande, korkje andre brukarar, andre tilsette/verksemder i kommunen, tilsette i andre bibliotek eller politi/andre styresmaktutøvarar. Vi kan heller ikkje få reie på kva ein lånar har lånt hjå andre bibliotek.

Innsyn: Lånaren kan sjølv logge inn på heimesidene til biblioteket å sjå kva for opplysningar vi har registrert, eller be om å sjå informasjonen på biblioteket.

Utlånshistorikk blir som standard sletta 14 dagar etter innlevering. Utlånshistorikk utover dette kan vi ikkje take vare på med mindre lånarar ber spesielt om det.

Lånarar kan be om at deira opplysningar i lånarregisteret blir sletta.

Kontakt oss viss du ynskjer meir informasjon om kva for opplysningar biblioteket lagrar om deg som lånar.