NATO-øving hausten 2018

Militærøvelse - Klikk for stort bilde Norge er vertsnasjon for ei stor NATO-øving hausten 2018. Øvinga berører fylka Hedmark, Oppland, Trøndelag og Møre og Romsdal, og Sunndal er ein av kommunane som er berørt. Her finn du litt meir informasjon om øvinga.

Trident Juncture

Øvinga har navnet Trident Juncture, og er ein såkalla «High Visibility Excercise». NATO har ambisjonar om å gjennomføre slike øvingar kvart tredje år, og denne øvinga i Norge har vore planlagt i fleire år.

Øvinga skal skje i perioden 25. oktober til 7. november, og er ein av NATO sine største øvingar.

Det kjem styrker frå 30 NATO-land og det vil være aktiviteter til lands, i vatn og i luft, med ca 35.000 soldatar, 130 fly og 60 fartøy.

Mykje transport av personell og materiell vil skje både før og etter øvingsperioden.

Mange partar er berørt av og involvert i øvinga, slik som Direktoratet for sikkerhet og beredskap, Politiet, Fylkesmannen, Mattilsynet, Statens vegvesen m.fl.


Kva skjer i Sunndal

Det vil være rundt 100 soldatar stasjonert på Vinnu i perioden 28. oktober og i om lag 2 veker. 

Under øvinga er det planlagt innkomst av skip i Ålvundfjorden 28. eller 29. oktober, og etter det transport av 1000 mann og 2-300 kjøretøy frå Ålvundfjord til Oppdal. Dette vil pågå eit par døgn.

Ifølge Forsvaret sin aktivitetskalender, vil den militære aktiviteten auke betydeleg utover september. Rv 70 vil da få auka trafikk og belastning. Heile oktober vil det vere høg militær aktivitet, med tidvis stor belastning på vegnettet og redusert framkommelegheit. November månad vil bli prega av retur av militært materiell og kjøretøy på vegnettet gjennom Møre og Romsdal.

I forbindelse med øvinga er lokale tilhøve kartlagt, og berørte partar er/blir kontakta av forsvaret.

Forsvaret vil halde informasjonsmøte retta mot grunneigarar og andre berørte i Sunndal tirsdag 2. oktober.

NB! Lokal informasjon blir fortløpande endra etter oppdateringar frå Forsvaret.
 

Informasjon om trafikk og nærmiljø

Sjå Forsvaret sine informasjonssider om trafikk og korleis øvinga påverkar befolkninga

 

Meir informasjon

Kontaktinformasjon

Harriet Berntsen
Assisterende rådmann
E-post
Telefon 71 69 90 00
Mobil 991 57 947

Åpningstider

Sommer (fra 1. mai - 30. august):

Mandag -fredag: 08.00 - 15.00

Vinter (fra 1. september - 30. april):

Mandag - fredag: 08.00 -16.00

Postadresse

Postboks 94, 6601 Sunndalsøra

Besøksadresse

Sunndal rådhus, Romsdalsvegen 2, Sunndalsøra