Årsrapport for Sunndal kommune 2020

Kommunedirektøren legg no årsrapport for Sunndal kommune for 2020 fram til politisk behandling, og for sluttbehandling i kommunestyret 5. mai. I årsrapporten kan du lese om kommunen sin aktivitet i året som har gått, både politisk og i kommuneorganisasjonen, samt presentasjon av rekneskapen. Årsrapporten blir presentert i nettbasert versjon.

Sjå årsrapporten her: 

Årsrapport Sunndal kommune 2020


Årsrapporten er kommunedirektøren sin presentasjon av kommunen si årsberetning og offisielle rekneskap og rapport for kommunestyret, og gir ei oversikt over kommunen si verksemd, både når det gjeld overordna styringssystem, aktivitet i tenestene, ressursbruk og resultat.

Året 2020

2020 vart annerledesåret.

Året starta normalt, med store utviklings- og omstillingsoppgåver som skulle gjennomførast. I mars kom korona-pandemien og endra i stor grad alle kommunen sine tenester. Kommunedirektøren er svært tilfreds med at det vart levert kvalitetsmessig gode tenester gjennom heile året. Organisasjonen har vist stor omstillingsvilje og -evne.

Av dei største omstillingane i 2020 kan overføring av psykisk helse fra helse- og omsorgstenesten til helsetenesten nevnast, og frå 2021 blir også habiliteringstenesten overført. Helsetenesten har hatt stor belastning knytta til pandemien, med ansvar for smittevern, testing og vaksineprogram.

Helse- og omsorgstenesten har i tillegg til utfordringar i samband med pandemien, hatt betydelige utfordringar knytta til omstilling og nye brukarar med behov for mykje ressursar. Omstilling frå institusjonbaserte til heimebaserte tenester fortsett, og i 2020 vart det redusert 6 institusjonsplassar.

Åra framover vil demografien endre seg og det blir fleire eldre, færre i yrkesaktiv alder og færre born. Det betyr at ressursbruken må vriast frå barnehage og skule til helse og omsorgstenester. Arbeidet med barnehage- og skolebruksplan vart teke opp igjen i 2020 og skal ferdigstillast i 2021. 

Det vil bli kamp om kompetanse og arbeidskraft i framtida. Difor vil mange tenester få større innslag av digitalisering, og det vil bli utvikla nye metodar og løysingar.

Økonomi

Kommunedirektøren framhevar det gode samarbeidet mellom administrasjon og folkevalgte i arbeidet med budsjett og økonomiplan. Det er etablert eit felles grunnlag for å nå økonomiske måltall i 2024.

Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren for å vurdere kommunen sin økonomiske tilstand. Denne gir eit bilde av kva kommunen sit igjen med til investeringar og framtidige avsetningar. Denne har svekka seg betydeleg over åra, men med ein gledeleg oppgang i 2020. 

Netto driftsresultat for 2020 er minus 3,0 mill kr.  Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter er negativt med -0,2%. Kommunestyret har beslutta å ha eit måltall på 1,5% som ein planlegg å ha oppnådd i 2024.

Sjukefråvær

Målsetting for sjukefråværet har over dei siste åra vore 6%. Sunndal kommune reduserte sjukefråværet frå 7,4% i 2019 - til 7,1% i 2020. 

Gjennomsnitt i kommunesektoren i 2020 har vært 8,2%, opp fra 7,8% året før. Kommunenes sentralforbund har uttalt at "...koronapandemien har bidratt til å øke fraværet gjennom hele 2020».  Dette betyr at 7,1% sjukefråvær er eit svært godt resultat i kommunesammenheng.

Det blir arbeidd systematisk med informasjon, involvering og medvirkning av medarbeidarar og leiarar for å saman auke tilstadeværinga.