Bokslukarprisen

 

Bokslukarprisen er ein gratis og nasjonal leselystaksjon for barneskulen. Elevar på mellomtrinnet skal røyste fram favorittane sine på bakgrunn av utdrag frå ein antologi med tekstutdrag frå 10 bøker for målgruppa. På nettstaden kan du dessutan lese vurderingane til andre elevar på mellomtrinnet. Ein perfekt stad for gode boktips!

 

Klassene som deltek får

  • Gratis antologi med smakebiter frå ti gode norke barnebøker for aldersgruppa
  • Høve til å røyste fram fem bøker som blir nominert til Bokslukarprisen
  • Tilgang til digitale lydfiler, utdrag og bonusmateriale
  • Kul nettstad med aktivitetar, konkurransar og premiar
  • Plakat til klasserommet og overraskelse til elevane
  • Lærarrettleiing med inspirasjon til læraren
  • Gode leseopplevingar
  • Auka leselyst

 

Til gjengjeld forventar Bokslukarprisen

  • Vekleg lesing av utdraga i antologien
  • Vekleg røysting og at klassen røyster over alle utdraga i antologien
  • Sluttevaluering av prosjektet