Uprisen

Skjermdump frå Uprisen.no - Klikk for stort bilde 

Uprisen er ungdomens eiga kåring av årets beste ungdomsbok. Kvart år deltek kring 1.000 ungdomar i kåringa. På nettstaden kan du dessutan lese bokmeldingane til andre ungdomar. Ein perfekt stad for gode boktips!

Uprisen blir delt ut under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer siste torsdag i mai.

 

Bakgrunn

Saman med Norsk Litteraturfestival tok Foreningen !les i 2006 initiativet til ei ungdomsbokkåring der ungdom sjølv les og vurderer utvalgte ungdomsbøker og episke teikneseriar/biletbøker. Etter eit vellukka pilotprosjekt i 2007 med ca. 150 deltakande 9. klassingar frå fem skular i Oppland og Hedmark, har Uprisen vorte delt ut årleg av ein nasjonal jury. Frå 2007 til og med 2010 var dei fem nominerte titlane valgt ut av ein vaksenjury. Frå og med 2011-kåringa blir dei fem nominerte bøkene vald ut på bakgrunn av bokmeldingar skriven av ungdom sjølv. Frå og med kåringa i 2022 deltek samtlege fylke med kvar sin juryklasse.

 

Målsetting

  • Å ta ungdom på alvor ved å anerkjenne dei som ein ressurs i vurderinga av litteratur skriven for dei.
  • Å synleggjere ungdomslitteraturen – auke medvetet kring og kunnskapen om den hjå formidlarar og media.
  • Å skape positive møter mellom elevane og litteraturen, møte som kan gje grobotn for livslang leselyst.

 

Les meir om Uprisen

Artikkelliste