Ungdomens kritikarpris

Skjermdump frå nettstaden til Ungdomens kritikarpris 

Ungdomens kritikarpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur for vaksne, delt ut av elevar i vidaregåande opplæring.

Om Ungdomens kritikarpris

Ungdomens kritikarpris kom i stand etter eit initiativ frå Foreningen !les i 2005. Bak samarbeidet står òg Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag og Den norske Forleggerforening. Prisen er inspirert av Goncourt des Lycéens, ungdomsvarianten til den store franske litteraturprisen Prix Goncourt. På kort tid har Ungdomens kritikarpris etablert seg ein av dei viktigaste litterære prisane i Noreg.

Ungdomens kritikarpris anerkjenner og synleggjer ungdoms lesing av samtidslitteratur for vaksne. Prisen er ein formidlar av norsk samtidslitteratur i skulen og har òg synt seg å spreie lyst, glede og engasjement i høve lesing.

 

Les meir om Ungdomens kritikarpris

Artikkelliste