Leseskogen

Skjermdump frå leseskogen.no 

Leseskogen er eit leseprosjekt for elevar på 1. og 2. trinn i regi av Foreningen !lesLeseskogen skal synleggjere gode biletbøker og fremje høgtlesing for elevane på skulen og heime.

Målet er at elevane skal få gode leseopplevingar og dermed utvikle leselyst og engasjement for lesing.

På nettstaden leseskogen.no får barna møte eit univers der dyra i skogen både les og kjem med boktips, og barna får sjølv høve til å kome med eigne boktips.

 

Boktips

  • Via forsida kan du lese og bli inspirert av boktipsa til andre. Klikk på dyra eller nedst på sida under "Mest anmeldt i leseskogen".
  • Dyra i Leseskogen liker å lese ulike typer bøker. Her kan du sjå kva for bøker dyra liker og bli betre kjent med dei.
  • Boklister med tips til bøker om ulike tema. På denne sida kan du få tips om bøker til ulike temaa i løpet av skuleåret.

 

Høgtlesingshistorie

Kvar haust og vår kan elevane vere med å utvikle ei høgtlesingshistorie skrive av ein kjend forfattar.

Til kvart kapittel av historia kan klassene sende inn sine idear til forfattaren og korleis dei ser føre seg at forteljinga kan utvikle seg vidare, og forfattaren vil bruke innspela til elevane til inspirasjon i den vidare skrivinga.

 

Les meir om Leseskogen

Artikkelliste