Treng klassen din tips om ferske barne- og ungdomsbøker? Har de lyst til å bli kjent med kva vi har på biblioteket? Tak med klassen din på vitjing!
Barneskulane
Barneskulane får tilsendt invitasjon om klassevitjing til biblioteket. Tilbodet går spesielt ut til 2. klasse, men dei andre klassetrinna er òg velkomne. Det viktigaste ved klassevitjinga vil vere formidling av eit utval nye bøker som vi vil anbefale. I tillegg får elevane ein kort presentasjon av biblioteket og kva dei kan låne, samt informasjon om lånekort og reglar. Deretter får dei utforskje hyllene og låne med seg det dei vil ha. Vi ser helst at klasser vitjar biblioteket tidleg på dagen, men viss den tida ikkje høver, strekk vi oss langt for å finne ei anna tid.
Ungdomsskulen
Ungdomsskuleelevane i 8. klasse får tilsendt invitasjon om å vitje bibliotek. Dei andre klassetrinne er likevel òg velkomne til å vitje biblioteket. Vi ynskjer å dele den gode lesaropplevinga og talar gjerne varmt om bøkene våre. Vi tykkjer det er viktig at dei unge held på lesegleda, òg i ein kvardag der mykje anna skjer.
Vidaregåande
Vi tek gjerne imot klassar på biblioteket eller vitjar gjerne vidaregåande skule i høve fordjupningsoppgåve eller for å fortelje om nye og klassiske bøker. Vi tilpassar opplegga etter ynske og nivå.
Vitjinga
For alle vitjingar vil vi gjeve informasjon om biblioteket sine tilbod og tenester – og dei som ikkje er registrert som lånarar får høve til å gjere det. Det bør setjast av minst éin klokketime til vitjinga.
Vitjing til skulane, på foreldre- og personalmøte
Skulane kan få vitjing av ein av dei tilsette der vi fortel om tilboda til biblioteket, om leselyst og mykje meir. Dette kan vi gjere for ein klasse/ei gruppe, for tilsette eller til dømes på eit foreldremøte.
Send inn skjema for å avtale vitjing